MOT PRIVATISERING: «Ei felles offentleg helseteneste, styrt av fellesskapet og finansiert over skattesetelen, er den beste reiskapen mot auka skilnader», skriv Odd Harald Hovland (Ap). Foto: Henrik Mundal Andreassen

Folk fortener trygge, gode velferdstenester

Arbeiderpartiet er garantisten for ein sterk velferdsstat som stiller opp for alle, uavhengig av kvar de bur eller kor god råd dei har. Ingen unge skal falle utanfor, og alle eldre skal vere trygge. Me seier nei til privatisering og auka klasseskilnader. Trygge, gode velferdstenester vert ikkje skapt av konkurranseutsetjing og privatisering.

Ei felles offentleg helseteneste, styrt av fellesskapet og finansiert over skattesetelen, er den beste reiskapen mot auka skilnader. Vårt mål er ei helseteneste i verdsklasse som er tilgjengelig for alle, uansett adresse og lommebok.

Me skal kjempe mot privatisering og eit veksande kommersielt helsetilbod på sida av det offentlege. Høgre sin politikk er oppskrifta på eit todelt helsevesen – samstundes som vår offentlege helseteneste vert tappa for ressursar.

Etter koronakrisa møter me utfordringar innafor psykisk helse. Det bør ikkje vere slik at ein treng ein diagnose for å få profesjonell hjelp. Me vil setje av ein milliard meir enn det regjeringa gjer til tiltak innan psykisk helse. Førebygging og låg terskel for hjelp er kostbart og det kan ein ikkje telje på same måte som diagnosar og døgnplassar, men det er heilt avgjerande for at folk ikkje skal utvikle større psykiske lidingar. Kostnadane av at folk ikkje får hjelp kan vere enorme for den enkelte og for samfunnet.

Arbeiderpartiet vil ha velferdstenester nærare der folk bur, ikkje kutte i tilbodet til distrikta. Me vil snu sentraliseringa Høgre har stått for. Me vil sikre at helsetenestene har eit sterkt nærvær i regionane, som sikrar velferdstenester, arbeidsplassar og kompetansemiljø også utanfor dei store byane.

Lommeboka eller adressa di skal ikkje avgjere om du får god helsehjelp. Me vil stogge privatisering, sentralisering og oppdelinga av vår felles velferd slik at vi får ein sterkare velferdsstat. For no er det vanlege folk sin tur.

Odd Harald Hovland, stortingskandidat, Arbeiderpartiet