Feil i reknestykket: – Trygve Slagsvold Vedum Vedum tok feil. Norske familiar får i år mindre å rutte med, ikkje meir, skriv lesarbrevskribenten. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

«Folk må få meir å rutte med»

I april la Senterparti-leiar og Finansminister Trygve Slagsvold Vedum fram eit reknestykke som synte at ein vanleg norsk familie får meir å rutte med (auka kjøpekraft) i år, trass i at alle prisar går opp.

No veit vi fasiten: Vedum tok feil. Norske familiar får i år mindre å rutte med, ikkje meir. Renta stig, prisane går opp – og lønsveksten kompenserer for dei fleste ikkje for dette.

Mange toler dette for ein periode, og kan tilpasse seg på ulike måtar, men på langt nær alle. Hushaldningar med låg inntekt blir råka hardast. I ein slik situasjon er det eit politisk ansvar å gjere noko, ikkje å lage oppkonstruerte reknestykke slik Finansministeren til no har gjort.

Venstre sitt svar – som vil virke raskt, er enkelt og ubyråkratisk og vil treffe alle som treng det – er å auke botnfrådraget på skatten, og samstundes auke sosialhjelpssatsane. Det vil gi alle personar og familiar i Noreg meir å rutte med, og høve for den enkelte til å nytte pengane slik ein treng det. Vi vil også gjere det lettare for folk å få støtte til å gjere enkle energisparetiltak i eigen heim, slik at flest mogeleg kan gjere mest mogeleg for å kutte straumutgiftene allereie i sommar og haust.

Det viktige med desse tiltaka er at dei treff bredt, verkar raskt, og ikkje gir meir statleg byråkrati og fleire særordningar og nye kompliserte reglar som folk flest ikkje klarer å innrette seg etter. For oss i Venstre er det resultata som tel. Ikkje svulstige ord og høgtflygande reknestykke som folk ikkje kjenner seg igjen i, slik regjeringa no brukar tida på. No handlar det om å få kvardagen til å gå rundt for dei som har minst frå før. Då må tiltaka vere dønn konkrete og komme no.

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre