FOR LANGT: Kåre Haugland meiner at enkelte skriv for langt. Illustrasjonsfoto: Colourbox

For lange lesarbrev

I avisa dykkar er det mange lesarbrev gjennom veka, og det er greitt. Men det som ikkje er greitt, er at mange av desse er så lange, at eg trur folk ikkje giddar å lesa dei. Dei som skriv må bruka meir «telegramstil» i lesarbreva sine. Avisa oppmodar jo og til at ein kortar ned teksten i lesarbrev.

Bruk denne regelen, når du skriv lesarbrev, eller deltek i offentleg møte: «Når du bestiger en talerstol, gjelder det tre hovedregler;

1. Har du noe å si.

2. Så si det.

3. Slutt å si det når du har sagt det».

Kåre Haugland