Fordommar gjer blind!

Det har vore pridemånad. Som vanleg har dessverre fordommar om skeive og pride, vore å finna i artiklar, lesarinnlegg og kommentarfelt både lokalt og nasjonalt. Dei seinaste dagane har masseskytinga i Oslo prega mediebildet. Heilt sidan dei grufulle handlingane skjedde natt til laurdag 25. juni, har det vore skrive mykje om gjerningsmannen, offera, moglege motiv og den pågåande etterforskinga. Det har også vore skrive mange støttefråsegner til det skeive miljøet og pride. Dessverre har også fordommane framleis florert.

HOMOFIL: «Eg trur mange som er imot pride har oppriktige utfordringar med å ta skeive menneske sine perspektiv», skriv Alexander Papas. Foto: Privat

Fordommar er like naturleg for oss menneske som det å ha ei seksuell orientering og ein kjønnsidentitet. Det er likevel ein vesentleg skilnad: Fordommar kan og bør endrast på. Fordommar er skadelege fordi dei skapar mistillit mellom menneske, og problematiserer mangfaldet av menneske i staden for å verdsetja det. Det finst ein heil flora av fordommar om kjønns-, seksualitets- og familiemangfald, pride og skeive menneske generelt. Nokre hevdar at det er skadeleg for barn å ha eit likekjønna par som foreldre. Andre påstår at det å vera skeiv er synd, og at dei ikkje synest noko om å gå imot naturen. Enkelte går til og med så langt i å kalla den skeive rørsla for «homolobbyen», og meiner at alt me vil er å påverka samfunnet i ei negativ retning.

For det første treng barn ansvarlege og vaksenpersonar. Kjønn eller legning vil aldri åleine kunna avgjera om du er ein god forelder eller ikkje. For det andre er ikkje det å vera skeiv unaturleg, heller tvert imot. For det tredje er den skeive rørsla ikkje særleg annleis i sin fridomskamp enn andre fridomsrørsler.

Les også
Skeive stordabuar er rysta over masseskytinga

Mange skyv religion og livssyn fram føre seg eller legg kultur til grunn for dei fordomsfulle syna og meiningane sine. Verda over har ulike religionar og kulturar opp igjennom historia heldt fram eit svært nedsetjande og nedverdigande syn på skeive menneske og kjærleiken deira. Religion og kultur har likevel aldri vore heilt statiske, men tvert imot vore i stadig endring og utvikling. Å seia at homofili er synd handlar jo om korleis ein tolkar religiøse tekstar, og innanfor ein religion vil ein finna ulike tolkingar av dei same tekstane. Religionsfridomen gjer at alle skal få lesa, tolka og tru som dei ønskjer for seg sjølve, men ein kan ikkje avgrensa andre menneske sin fridom utifrå eiga religiøs overtyding eller eigne kulturell oppfatningar. Religion og kulturbakgrunn kan dermed forklara bakgrunnen for ei rekkje fordommar. Samstundes er religion og kulturbakgrunn sjeldan det einaste som skapar fordommar. Ofte er det mangel på kunnskap, og det er det jo mogleg å gjera noko med!

Ein kjend fordom handlar om relasjonen mellom FRI og pride. La meg gjera ein ting klinkande klart: Du treng ikkje støtta alle dei politiske standpunkta til FRI for å kunna støtta pride og heisa regnbogeflagget. FRI er ei foreining som rettnok arrangerer pride i fleire byar, men dei står ikkje bak alle pridehendingane i Noreg. Det er ikkje FRI som har funne opp pride, og dei sit heller ikkje med einerett til å definera kva paraden faktisk handlar om. Pride er den viktigaste markeringa, demonstrasjonen og feiringa i den skeive fridomskampen, både nasjonalt og internasjonalt. Pride handlar om å verdsetja mangfaldet, anerkjenna menneske, kjempa for rettar og visa solidaritet. Å ikkje støtta alt som FRI står for, og villa ta ein debatt om standpunkta deira, er heilt legitimt. Å ikkje støtta pride fordi ein ikkje støttar FRI er i beste fall fordomsfullt eller kunnskapslaust.

Les også
Her feirar Kjetil (58) og ektemannen Bon (37) kjærleiken. Timar seinare blir venene skotne

Frykt er noko menneskeleg, og på fleire måtar ein del av livet. Det er mykje som kan føra til ein kjenner frykt på kroppen, men i eit ope og demokratisk samfunn er det noko som ein ikkje skal trenga å frykta. Å vera seg sjølv er ein slik ting. Å vera seg sjølv er noko av det mest sjølvsagte frie menneske skal gjera for å kunna leva meiningsfulle liv. Ein skal ikkje kjenna på frykt for at familie og vennar vil kutta kontakten med eller prøva å endra på deg, berre fordi du er deg. Ein skal ikkje måtta tenkja seg om to gonger før ein ber eit regnbogearmband eller held kjærasten sin i handa på open gate. Skeive sine rettar har rettnok blitt betre dei siste tiåra, men så lenge skeive menneske i Noreg kjenner på ei slik frykt, så er det ikkje nok at lovverket gjev oss rettane. Når lovverket åleine ikkje tryggjer dei skeive, er det klart at det må storskala haldningsarbeid til slik at endå fleire kan leva utan reell frykt for å vera seg sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å ta andre sitt perspektiv kan både vera lett og utfordrande, men er ein føresetnad for å utvikla gode haldningar og førebyggja fordommar. Eg trur mange som er imot pride har oppriktige utfordringar med å ta skeive menneske sine perspektiv. Derfor, til deg som kallar pride for ein politikk og ideologi som du absolutt ikkje kan støtta: Forstår du korleis det er å veksa opp i ein religion eller kultur som seier at folk som er som deg lever i synd og/eller skal brenna i helvete? Forstår du korleis det er å ikkje villa fortelja dine næraste om kven du er fordi du er redd for at du skal mista all kontakten med dei? Forstår du korleis det er å få høyra at folk oppriktig meiner du ikkje er skikka til å vera forelder på grunn av legninga di eller kjønnsidentiteten din? Forstår du korleis det er å ikkje kunna halda kjærasten din i handa på open gate fordi du er redd for bli trakassert? Forstår du korleis det er å vera beint fram ulovleg i ei rekkje land i verda? Forstår du korleis det er å måtta forsvara retten din til å vera deg? Eg trur ikkje du forstår, men håpar du vil prøva å forstå framover. Ikkje ver ignorant eller likegyldig, men prøv å forstå. Prøv å forstå at dette handlar om noko så grunnleggjande som det å vera menneske. Prøv å forstå at dette handlar om å vera heil, om å vera seg sjølv og om å vera lykkeleg. Prøv å forstå at det handlar om medmenneska dine, og ikkje minst om kjærleiken.

Les også
Christina (21) reagerte på at kommunen hennar ikkje sa eit ord om masseskytinga

Kjærleik gjer blind, men det gjer også fordommar. Skilnaden er at me menneske klarar oss utan fordommar, men er avhengige av kjærleiken. Kjærleiken til oss sjølve og til andre menneske. Å bli elska og elska nokon gjev livet meining. Fordommane derimot gjer at mange får vanskar for å sjå kva pride faktisk handlar om, og kor mykje Noreg og verda treng pride. I Noreg har me komme langt i den skeive fridomskampen, men ingen må ta rettane for gjevne. Me må kvar dag arbeida for å halda på dei rettane me har, men også kjempa for betre rettar her i landet og verda elles. Fordommar og likegyldigheit truar dei rettane me ser på som sjølvsagte. Det er derfor viktig at fleire engasjerer seg i fridomskampen. Ikkje stå på sidelinja fordi fordommane har teke overhand, men gjer noko med dei! Ikkje stå og sjå på fordi du tenkjer det ikkje har noko føre seg. Bli med i kampen for menneskeverdet, solidariteten og kjærleiken. Kjemp menneske sin rett til å eksistera, og støtt heilhjarta opp om pride!

Alexander Papas (21), lærarstudent og medborgar