Førehandsomtalar i lokalavisene

I går (tysdag) skreiv eg nokre ord på Facebook om at lokalavisene ikkje tok i mot pressemeldingar om ulike arrangement. Annonsar ja, men ikkje omtalar. Dette utløyste vantru, og fleire kontakta meg for å få det stadfesta. Det medførte tvil også hos meg, og eg måtte sjekka truverd i det som same dagen blei sagt frå scena i Senioruniversitetet.

FØREHANDSOMTALER: Jan Willy Folgerø-Holm reagerer på at lokalavisene ikkje vil ta inn førehandsomtaler. Foto: Privat

Jo, dette kunne stadfestast. Begge dei nytilsette redaktørane hadde innført denne praksis, utan at dei kunne grunngjeva kvifor. Det er ikkje tvil om at dette er ein ny praksis i dei to avisene her i regionen. Både Sunnhordland og Bømlo-Nytt har tidlegare tøygd seg langt i å førehandsomtala ulike arrangement. No har det skjene gjennom at det burde følgjast av ei annonse, noko som har blitt etterkomme.

Så tenkte eg at det er kanskje noko regelverk som heimlar denne nye avgjerda, og eg kontakta Landslaget for lokalaviser. Der var dei tydelege: Det er redaktøren som er ansvarleg for det som står i avisene. Det gjeld alt frå leiarartiklar til lesarinnlegg. Innanfor dette er det også rom for å ta inn førehandsomtalar. Det er i det heile redaktøren si avgjerd.

Og førehandsomtalar kan ikkje forvekslast med tekstreklame. Tekstreklame er, som uttrykket seier, rein reklame i teksten. Til dømes av ulike produkt. Det er vel det som vert kalla influence på nettspråket. Desse, kall det kunngjeringane, som ulike organisasjonar og lag vil ha i lokalavisa, er ikkje i konkurranse med nokon.

Mi oppmoding er tydeleg: Ta inn desse kunngjeringane i avisene igjen. Etter mi og mange si oppfatning er dette ein av dei viktige funksjonane til alle lokalaviser. Så kunne vel både eg og mange med meg ynskja at det kom ei skikkeleg grunngjeving frå redaktørane.

Foldrøyhamn 20. september 2021

Jan Willy Folgerø-Holm

Les også
Difor skriv me færre førehandssaker