SEIER IFRÅ: «Eg vert rasande og trist. Eg vil ikkje la dette forslaget gå forbi utan å seie klart ifrå kva eg meiner om det», skriv Hilde Grindevik, styrar i Sæ barnehage. Foto: Emma Dahl

Forslag om store kutt i tilskot for private barnehagar

Eg vil gjerne vere litt privat då eg er sterkt personleg engasjert i denne saka. Sæ barnehage har vore drifta av Grete Håvardsholm sidan 1989. Frå desember 2012 har eg eigd og drifta denne barnehagen saman med henne. Engasjement for barna og familiane i vår barnehage er stort. Barnehagen har vore i vekst og utvikling alle desse åra. Eg kjenner eg er stolt over jobben me har gjort! Me er, og har vore ein lærande organisasjon som ynskjer det beste for barna. I skrivande stund har me 121 barn i vår barnehage, me er 31 tilsette. Me er dermed eit viktig bidrag til tilbod av barnehageplassar i Stord Kommune, me er også ein betydeleg stor arbeidsplass.

Me har alltid hatt fokus på kvalitet i vår barnehage, me gjer det me kan for at kunde (foreldra) og brukarane (barna) og ikkje minst dei tilsette skal ha ein så god kvardag som mogeleg. Å ta vare på barna og bidra til at dei skal få ein god start i livet er jobb nummer éin for oss. Dette gjer me med fagleg varme vaksne, og med klare mål og visjonar.

Sommaren 2019 tok Læringsverkstedet over drifta av barnehagen. Dette var ei viktig og riktig avgjersle for både Grete og meg. Læringsverkstaden tok over drifta med alt det inneber av ansvar for økonomi og driftsmessige rammer. Det å vere del av ei større kjede har absolutt vore trygt og positivt for oss som har stått åleine som eigarar i mange år.

Frå tid til anna, har me i dei private barnehagane måtte stå på barrikadane- for å overleva. No, slik eg forstår det, er det kjedebarnehagane som skal til livs- i første omgang. Det mest utrulege er at dette kjem frå ei regjering som applauderer private barnehagar og private verksemder. Og kvar er logikken her? Den forstår ikkje eg! Kva tenkjer dei om private barnehagar eigentleg? Trur de at Læringsverkstedet sine milliardar- er ei gullgruve? Sanninga er at det er store investeringar i store verksemder. Det ruller millionar inn og det ruller millionar ut.

Då mål om full barnehagedekning vart sett og ein nådde målet, vart me private aktørar applaudert og takka av sentrale politikarar. Dette målet hadde me aldri klara utan dei private, vart det utala på Private barnehagers landsforbund si leiar samling av statsministeren, Erna Solberg.

Mitt hjartesukk er, eg er bekymra for barnehageframtida! Regjeringa med Høgra, Venstre og KrF legger fram kutt i pensjonen og kapitaltilskotet på det kommande statsbudsjettet. Om dette forslaget går igjennom vil det innebera at me må spare nærare 1.400.000 kroner i vår barnehage.

Eg kjenner at eg som barnehagelærar, fagperson og styrar i barnehagen vert engasjert. Eg vert rasande og trist. Eg vil ikkje la dette forslaget gå forbi utan å seie klart ifrå kva eg meiner om det. Me i barnehagane skal ha store satsingar, som kvalitetsarbeid med barn si språkutvikling, planar for mobbing, planar for inkludering, kompetansehevingsplanar, overgangsplanar med fleire. Me skal støtta barn med nedsett funksjonsevne og følgja opp barn som treng ekstra støtte. Visjonar og mål er det ingenting i vegen med. Likevel kjenner eg at det er lite motiverande å oppleva at barnehage barn vert lite prioritert.

Forsking viser at det beste ein kan gjere i eit langsiktig samfunnsperspektiv er å satse på dei yngste barna. Det er dei fem fyrste åra ein legg grunnlaget for framtidas vaksne. Det er viktig at me gir barna ein trygg kvardag, der dei får god oppfølging, omsorg og rettleiing, ein kvardag der me har fokus på gode møter, trivsel og kvalitet!

I 2018 kom krav om bemanningsnorma, den er no på plass utan at det er komme noko økonomisk kompensasjon ifrå stat eller kommune. Me hadde håpa på det i 2021. No kjem forslag om ytterlegare kutt. Færre midlar, gir mindre tid til viktige og spanande utviklingsprosjekt, dårlegare vikarbudsjett, meir stress, høgare sjukefråvær, mindre tid til å følje opp barna, om tilsette får nok og sluttar, mister me i verste fall viktig kompetanse!

Barna sin kvardag og oppvekst er viktig! Ja, BARN ER VIKTIGE, dei er vår framtid! Mitt ynskje er at me skal saman stå opp for ein god barndom og få verdas viktigaste verdiar til å vekse!

Artikkelen held fram under annonsen.

Til det trengst politisk satsing!

Læringsverkstaden avdeling Sæ barnehage v styrar Hilde Grindevik