LIK LØN: Stord Sosialistisk Ungdom ønskjer å markera likelønnsdagen som i 2019 fell på torsdag 14. november. Nestleiar Inger Cristin Barane har skrive eit lesarbrev for høvet. Foto: Privat

Frå i dag jobbar kvinner utan løn

I dag tener ei gjennomsnittleg kvinne berre 87 prosent av løna til ein gjennomsnittleg mann i året. Dette vil seia at frå og med i dag jobbar kvinner i teorien utan løn.

Mange vil kanskje seie at dette er fordi kvinner vel yrke med lågare løn, kortare utdanning eller jobbar meir deltid enn menn. Likevel er lønsskilnadane størst for heiltidstilsette og dei med høgare utdanning. Mange stiller seg kanskje og spørsmålet kvifor ein lærar tener mindre enn ein ingeniør? og kvifor tener ein hjelpepleiar mindre enn ein elektrikar? Dette er er fordi at i samfunnet me lever i i dag vert desse yrka assosierte med eigenskapar som mange forbind med menn og vert difor meir verdifulle. Det at typiske mannsyrke får ein større verdi gjer at yrke som vert bunde med typiske kvinnelege eigenskapar får lågare løn.

Å oppnå likeløn mellom kjønna er viktig fordi økonomisk sjølvstende er ein føresetnad for frigjering, tryggleik og likestilling. Sosialistisk Ungdom meiner at jobbar som krev empati, slik som sjukepleiar, må få rettferdig løn ut ifrå den reelle verdien arbeidet gir. Sjølv om mange meiner Noreg er likestilt, ser me framleis mange strukturelle forskjellar slik som løn, korleis ein ikkje blir tatt seriøst av rettsvesenet og representasjon i verksemdsstyre. For å utgjera ein skilnad treng me ei likelønslov, som dei har på Island, som vil leggja ansvaret på arbeidsgjevaren til å rapportera verdien av arbeidet. På den måten kan samfunnet systematisk setja løn etter ei rettferdig vurdering av arbeidet. Island har klart å ta ansvar for likeløna, no er det på tide at Noreg følgjer etter.

Tenk no om alle som jobba i kvinnedominerte yrke hadde slutta, om me hadde mista alle hjelpesjukepleiarane, barnehagetilsette osv. Utan folk i desse yrka hadde samfunnet stoppa opp og me hadde ikkje komme oss vidare. Me treng hjelpesjukepleiarar, me treng barnehage tilsette og me treng folk i desse såkalla kvinnelege arbeidsplassane! Då er det ikkje rett at dei skal tene mindre fordi dei vart kalla kvinneyrke av samfunnet. Samfunnet ser ikkje den reelle verdien av arbeidet deira og det arbeidet utført i andre kvinnedominerte arbeidsplassar og yrke. Me er avhengig av arbeidskrafta deira. Dei tar samfunnsansvaret sitt ved å ikkje forlata jobben i dag, difor må resten av samfunnet ta ansvar og gje dei den løna dei fortener.

Inger Christin Barane (14), nestleiar i Stord Sosialistisk ungdom