Industri: – Me vil oppmode Stortinget til å ta på alvor dei tydelege signala som no kjem frå ein samla industri, og vedta ein skattepakke som har den tilsikta effekten og faktisk utløyser prosjekt og arbeidsplassar, står det i lesarinnlegget. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Framtida for leverandørindustrien

Diskusjonen rundt oljeskatten er teknisk, og har til no blitt dominert av fagøkonomar, akademikarar, politikarar, klimaaktivistar – og frå kommentatorar i avisene. Felles for dei fleste av desse meiningsprodusentane er at dei er i trygge jobbar, og held til på stader fjernt frå sveiserøyken i verkstadhallane. Dette er naturlegvis ikkje i seg sjølv diskvalifiserande, men når meiningsytringane vitnar om manglande forståing for kva som faktisk står på spel, og manglande empati med dei tusenvis av ingeniørar og verftsarbeidarar som går ei utrygg tid i møte, så har ein bomma alvorleg.

Politiske kommentatorar er ein del av den meiningsberande eliten i Noreg, og det er ei kjend sak at ein i slike kretsar tel sigrar og tap og enkelte gongar kan la seg riva med av spelet. Ein trillar terningar, finsliper tabloide vendingar og live-tvitrar sarkastiske kommentarar medan ein ser på Debatten. Men den kloke kommentatoren hugsar at politikk handlar om menneske, og har varsellampar som blinkar når spelet tek overhand og menneske blir redusert til brikker.

Det er eit problem at oljeskattdebatten i så stor grad pågår milevis unna dei det gjeld. Også VG slit med denne distansen, og skreiv nyleg på leiarplass at «oljelobbyen kan ikke få alt den peker på». Dette er illustrerande for kor gale det kan gå når ein ikkje ser menneska forslaget har konsekvensar for, men berre bodberaren som ein ønskjer å scora nokre billege poeng på ved å stempla dei med negativt lada ord som «oljelobbyist» og «petropopulist».

Les også
Ap-leiaren lovde støtte til Kværner-verft

Det er å forventa av leiande samfunnsdebattantar at ein set seg inn i kven politikken påverkar, og viser respekt for at det her handlar om framtida for tusenvis av arbeidstakarar, familiane deira og lokalsamfunn over heile landet. Dersom dette er vanskeleg frå skrivepultane, så vil me gjerne invitera desse samfunnsdebattantane til nokre av verfta, for eit møte med nokre av fagforeiningane sine mange medlemer som kjenner dette på kroppen og som no skjelv i buksene i påvente av Stortinget sitt vedtak.

For dei som framleis ikkje har forstått det, så handlar altså oljeskatteforslaget om å redda arbeidsplassar, kompetansemiljø og teknologiverksemder. Det handlar om den same næringa som har gitt oss sparegrisen som me no har knust for å handtera koronakrisa. Sjølv om det er oljeselskapa som i stor grad frontar forslaget, så er det viktig å forstå at tiltakspakken først og fremst er for å redda leverandørindustrien.

Oljeselskapa kjem til å klara seg greitt uansett, men leverandørindustrien – kor to tredeler av arbeidsplassane er – vil ikkje klara seg utan denne redningspakken. Dette er også den einaste redningspakken som ikkje kostar staten ei krone. Det burde vore ein rein formalitet å banka det gjennom regjering og Stortinget. Men situasjonen er altså no at regjeringa etter press frå Venstre og byråkratane i Finansdepartementet har lagt fram ein versjon så modifisert at det ikkje er i nærleiken av å ha den tilsikta effekten.

Les også
Fryktar for arbeidsplassar

Det opphavlege forslaget frå næringa er heilskapleg, gjennomtenkt, målretta og provenynøytralt, og handlar om å ta vare på arbeidsplassar og inntekter for samfunnet. Det er også eit forslag som vil syte for at me tek vare på den verdsleiande kompetansen og kapasiteten som me vil vera avhengige av for overgangen til fornybarsamfunnet. Enkelte ser ut til å tru det motsette – at forslaget vil vera til hinder for omstilling. Det vitnar om manglande innsikt i kva som skal til for å realisera store, industrielle fornybarprosjekt, og kva for aktørar som faktisk kan gjennomføra slike. Dei fleste verksemdene i leverandørindustrien ivrar etter å komma i gang med fornybarprosjekt, og mange har satsa store summar for å forska, utvikla teknologi og posisjonera seg for både offshore vind, CCS, hydrogen, biogass og anna. Men faktum er at desse prosjekta anten er for små eller for umodne. Det vil gå lang tid før dei vil kunne utgjera noko som monnar på bemanningshistogramma. I mellomtida må me ha noko å leva av.

Les også
Oljeindustrien får ikkje, han tilbyr

Me vil oppmoda kommentatorar og motdebattantar til å halde fokus på kva forslaget til mellombels justering av petroleumsskatten faktisk gjeld, og inngripande utfallet vil vera for dei mange tusen familiane som har levebrødet sitt i denne næringa. Me vil også oppmode Stortinget til å ta på alvor dei tydelege signala som no kjem frå ein samla industri, og vedta ein skattepakke som har den tilsikta effekten og faktisk utløyser prosjekt og arbeidsplassar. Heldigvis har me gode politiske leiarar i dette landet, som evnar å sjå forbi flåsete aviskommentarar og retorikk som reduserer alvorlege og kompliserte saker til lettvintheitar og spel.

La oss saman ta vare på den fantastiske industrien me gjennom mange tiår har bygd opp langs kysten og andre stader i landet, og samstundes satsa tungt på fornybar energi som etter kvart kan gje arbeidsplassar og inntekter slik olje og gass gjer i dag. Er det noko bransjen er innstilt på , så er det nettopp å omstilla seg. Det har me gjort i over hundre år. Men då må me ikkje gløyma at ny industri aldri har oppstått i eit vakuum, men alltid vakse fram på grunnlag av den eksisterande industrien.

Beste helsing

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidstakarorganisasjonar i Kværner Stord, Kværner Verdal, Aker Egersund, Aibel, og Rosenberg (Fellesforbundet, EL&IT, Industri Energi, FLT, HK, Tekna, NITO, Lederne, Negotia)