FRIDOM: Dei det verkeleg er synd på er borna og ungdommane. Difor er det viktig å prioritera opne skular og fritidstilbod så langt som råd er, skriv Per Jan Ingebrigtsen. Foto: Marius Knutsen

Fridom er berre i teorien ein konstant storleik

I praksis vert fridomen avgrensa av mange ulike faktorar, og blant dei er situasjonen i landet ein bur i, den økonomiske fordelinga blant borgarane - og ikkje minst, helse og helsesystem.

Me som har norsk pass er blant dei heldigaste i verda, både fordi me har eit politisk system med eit trygt ankerfeste i demokratiet, og fordi me har politikarar me kan stola på, stort sett utan omsyn til farge på vesten i ein valkamp.

Innanfor desse rammene kan eg og mine likesinna arbeida for ei anna økonomisk fordeling, men me oppnår ikkje noko utan å ha eit fleirtal av folket med oss, til ei kvar tid – heldigvis.

At Fredrik Fladmark ikkje ønsker seg portforbod, er forståeleg, det ønsker heller ikkje eg, difor skreiv eg i innlegget mitt at det er både rett og naudsynt å drøfta eit slikt inngrep før det vert sett ut i livet. Men eg har den tillit til styresmaktene at dei berre går for eit slikt vedtak i ein særs kritisk smittesituasjon for landet. Fladmark skriv: «Per Jan Ingebrigtsen hadde masse av frihet – og da måtte det vel gjelde alle andre også.» Kvar har du det frå, Fladmark?

Eg skreiv at «myndigheitene tek godt vare på fridomen vår.» Det er noko heilt anna. Det er å stola på at Storting og regjering gir oss full fridom tilbake så snart kampen for liv og helse i samband med covid19 er vunnen. Når det gjeld min eigen fridom, skreiv eg følgjande i innlegget Fladmark peikar mot: «Nokon og ein kvar kjenner på slitasjen, i alle høve gjer eg det, men når alternativet er overfylte sjukehus og store lidingar, ser ein at ein må halda ut. Det er naudsynt, blant anna for å få kontroll over muterte virus, medan me ventar på å verta vaksinerte.»

Førebels har eg, som 1946-modell, innskrenka fridom både når det gjeld lengre reiser og besøk av nære venner og kjære – men litt filosofisk preik med den kloke hunden min, hjelper godt på i kvardagen, til vaksinen gjer livet enklare. At nokre teaterprosjekt vert utsette på ubestemt tid, er berre irriterande, men til å leva godt med.

Dei det verkeleg er synd på er borna\ ungdommane. Difor er det viktig å prioritera opne skular og fritidstilbod så langt som råd er, og å legga til rette for lærarane i ein utfordrande kvardag.

Fladmark skriv om meg: «Jeg tviler litt på om han vet kva han snakker om.» Forsøket på å kunnskapslausgjera ein meiningsmotstandar, er ein gammal herskarteknikk, som me - heldigvis - sjeldan ser i bruk no til dags. Han om det. Eg skal ikkje svara med same mynt. Tvert om.

Når Fladmark i eit anna lesarinnlegg skriv at svenske Tegnell og han sjølv har rett, medan norske myndigheiter feilar, så trur eg at det ligg eit medvitent resonnement til grunn for argumentasjonen hans. (I skrivande stund har Sverige 11595 døde, der av fleire born. Noreg har 564 døde. Tek me omsyn til folketal, er prosent døde i Noreg kontra Sverige, om lag 10 %)

Legg eg personleg fridom i den eine vektskåla – og tap av liv og helse i den andre, kjem eg for min del fram til det same resultatet som det norske myndigheiter gjer. Men me har heldigvis lov å vera usamde her til lands, utan at nokon kjem og slår inn dørene etterpå … Det er ein del av ein fridom me skal setja uhorveleg stor pris på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Per Jan Ingebrigtsen