SKIVEBOM: – Å komma med hint om at dette vert greia ut for at politikarane skal kunna hersa med innbyggjarane, er ein total skivebom, skriv Per Jan Ingebrigtsen i lesarbrevet som er eit svar til Fredrik Fladmark. Foto: Marius Knutsen

Fridomen vår er godt teken vare på

Fridomen er teken vare på av Storting og regjering – og statsministeren er ingen Trump som nyttar seg av medvitne løgner, eller ranar til seg makt i ly av covid-19-pandemien! Regjeringa er heller ikkje ei handfull menneske som tilfeldigvis sit der, slik Fredrik Fladmark gir inntrykk av i lesarinnlegget sitt i Sunnhordland, men våre fremste tillitsvalde, kommen til seta sine gjennom vårt demokratiske parlamentariske system. Det skal me vera glade for. Det skal me vera stolte av!

Visst har me forskjellige politiske modellar for kva som er best for landet vårt – eg ser til dømes helst at me frå hausten av får ei regjering med tyngdepunktet i sosialdemokratiet – men det hindrar meg ikkje i å sjå at den noverande regjeringa består av heiderlege og skikkelege folk, som ut frå sitt politiske grunnsyn, vil landet vårt det beste. Dei er politiske motstandarar, ikkje politiske fiendar.

Les også
Er dette noe vi virkelig vil ha?

Covid-19-pandemien set store krav til oss – til styresmaktene og helseinstitusjonane. Nokon og ein kvar kjenner på slitasjen, i alle høve gjer eg det, men når alternativet er overfylte sjukehus og store lidingar, ser ein at ein må halda ut. Det er naudsynt, blant anna for å få kontroll over muterte virus, medan me ventar på å verta vaksinerte.

Me får vona at me slepp portforbod, slik som i fleire av dei vestlege demokratia me har å samanlikna oss med. Om det skjer, er det ikkje fordi politikarane vil «vil kasta deg i fengsel» for slik å auka makta si over innbyggjarane, men fordi dei ser det naudsynt for å slå ned ulike mutasjonar av covid-19. At me drøftar om portforbod er rett veg å gå, er både rett og naudsynt, men å komma med hint om at dette vert greia ut for at politikarane skal kunna hersa med innbyggjarane, er ein total skivebom.

Mitt råd er. Lytt til helsemyndigheitene og styrande myndigheiter når det gjeld smittetiltak - og gjer som dei føreskriv. Det er, på sikt, einaste vegen ut - og opp i dagen

Per Jan Ingebrigtsen