Friskular, ein menneskerett

Demokrati tyder «folkestyre», ikkje «fleirtalsstyre». Skal eit styresett vera demokratisk må menneskerettane (og då tenkjer eg på FN si Menneskerettsfråsegn og Den europeiske menneskerettskonvensjonen) vera respekterte. Desse dokumenta eksisterer for å sikra individet, familien og minoritetsgrupper grunnleggjande fridomar og rettar som skal gjelda uansett kven som styrer. Eit fleirtal kan ikkje overprøva desse rettane, ei heller leggja hindringar, korkje økonomiske eller juridiske, i vegen for at mindretalet skal kunna nyta godt av dei, snarare er styresmaktene forplikta til å leggja til rette for at det kan skje. Her snakkar me om internasjonal lov. Alle land som har ratifisert dei, er forplikta på å følgja dei.

REGJERINGSSKIFTE: Pastor Jens Thorsen fryktar at ei ny raud-grøn regjering vil stoppa etableringar av nye friskular. ARKIVFOTO: MARIUS KNUTSEN

Ifølgje Menneskerettsfråsegna artikkel 26 underpunkt 3 står det t.d. at «foreldre har fortrinnsrett til å bestemma kva slags undervisning barna deira skal ha.» Når det gjeld undervisning og oppseding av barn i Noreg, er det «foreldreretten» som gjeld. Barna tilhøyrer foreldra, ikkje staten. Skule og barnehagar er samfunnsinstitusjonar som skal hjelpa foreldra med opplæring og oppseding, men ikkje overta eller erstatta.

Dette har stor betydning for retten til å etablera friskular. Dersom foreldre ønskjer å senda barna sine til friskular som på betre måtar tek vare på dei etiske eller religiøse verdiane dei ønskjer å gje barna sine enn det dei synest den offentlege skulen gjer, er det staten si plikt til på alle måtar (også økonomisk) leggja til rette for det, og slett ikkje leggja hindringar i vegen for at det skal skje.

Når det gjeld spørsmålet om det offentlege skal støtta slike skular økonomisk, er svaret eit fulltonande ja. Dei foreldra me her snakkar om er like mykje skattebetalarar som andre foreldre, og skal ikkje bli straffa økonomisk for å senda barna sine til friskular.

Det ligg i korta at friskulane i Noreg i hovudsak skal styra etter den offentlege skulen sine fagplanar. Men dei skal likevel vera så pass annleis at det gjer noko meining i å etablera dei. Ein kristen friskule skal gjennomgåande vera prega av kristen tru og tanke utan at dette på nokon måte skal gjera skulen einøygd.

Når det no ligg til rette for at dei raud-grøne partia etter valet til hausten vil innskrenka foreldres rett til å etablera eller senda barna sine til friskular, er dette brot på grunnleggjande menneskerettar, og dei styrer mot eit demokratiunderskot i Noreg.

Jens Thoresen, pastor