OFFENTLEGE OG PRIVATE: Vi set pasienten først, og er oppteken at alle får det tilbod som passar den enkelte best, uavhengig av størrelse på lommeboka, skriv Liv Kari Eskeland i lesarbrevet. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Fritt behandlingsval - det er ingen bløff, Moflag

For Høgre er det viktig å gje pasienten den beste og mest kvalifiserte behandlinga, og fridom til sjølv å velje kvar ein ønsker å bli behandla. Vi skil ikkje mellom offentlege og private aktørar, men legg klare kvalitetskriterier til grunn, for vi set pasienten i sentrum. For Arbeidarpartiet synest det å vere viktigare å hindre at private aktørar kan vere eit supplement til det offentlege sjukehustilbodet, enn at pasientane får eit tilbod som er tilpassa den enkelte.

Vi har gjennom fleire reportasjar i pressa den siste tida fått innsyn i historiar fortalt av menneske som har hatt ulike helseutfordringar. Dei har understreka kor viktig nettopp det helsetilbodet dei kunne velje var, for at dei skulle kome seg raskast mogleg tilbake til eit normalt og godt liv. Det har vore folk som har vore i rekonvalesens med hjarteproblem eller ungdom med spiseforstyrrelsar. Felles for dei alle, er at dei har funne det tilbodet som har passa dei best, uavhengig av om det har vore eit offentleg helsetilbod eller det har vore drive av private aktørar. For det er det uansett det offentlege som tek rekninga. Å få folk raskt tilbake til sine normale liv, til jobb og utdanning, er det som tener oss alle best - både som enkeltmenneske og som samfunn.

Moflag og Arbeidarpartiet argumenterer i eit innlegg sterkt imot fritt behandlingsval. Fritt behandlingsval er ikkje meir komplisert enn at pasientane sjølv kan bestemme kvar dei vil bli behandla. Valfridom er noko vi tar som sjølvsagt på dei fleste andre område, men når det gjeld noko så viktig som vår eiga helse, så skal vi ifølgje Arbeidarpartiet ikkje ha den moglegheita. Så langt er det 60 000 pasientar som har nytta seg av moglegheita, og veksten i første kvartal 2021 er på 20%. Det tyder på at dette er ei ordning som pasientane set pris på.

Ordninga baserer seg på at vi som pasientar kan velje mellom godkjente institusjonar, både offentlege og private. Det er altså ikkje fritt fram, som Arbeidarpartiet hevdar, men klare kriterium for å bli godkjent. Det sikrar eit kvalitativt godt tilbod til pasientane.

Dei offentlege sjukehusa vil alltid utgjere grunnmuren av spesialisthelsetilbodet i Noreg. Derfor har vi styrka sjukehusøkonomien vesentleg og gjort det mogleg for helseføretaka å behandle fleire pasientar. Vi har også sett i gong bygging/renovering av meir enn 20 sjukehusbygg gjennom vår periode i regjering. Pr no har vi byggeprosjekt for over 80 mrd i gang. Private institusjonar er eit positivt supplement og kan bidra til eit større mangfald og bredde i behandlingstilbodet, og gjer at kø og ventetider går ned.

Arbeidarpartiet ønsker ikkje å utnytte kapasiteten som er i det private helsetilbodet. Det vil bety at fleire må vente lengre på behandling med auka risiko for ein todeling av helsetilbodet, der dei med mest pengar kan kjøpe seg ut av køen. Ei slik klassedeling ønsker ikkje vi i Høgre. Vi set pasienten først, og er oppteken at alle får det tilbod som passar den enkelte best, uavhengig av størrelse på lommeboka.

Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant Hordaland Høgre

Roald Stigum Olsen, Senior Høgre Hordaland