LESARINNLEGG: Av Tor Andre Ljosland, Kristina Vaktskjold Hamre og Trude Brosvik i KrF. Foto: Ole Stian Jørgensen

Fritt skuleval kombinert med nærskulepoeng

Vestland fylkesting har vedteke ny inntaksordning for dei vidaregåande skulane. Det kombinerer dei to viktigaste måla som KrF hadde; 1: Ungdom skal få søke på den skulen dei vil i heile fylket, og 2: Færrast mogleg ufrivillige hybelbuarar.

Det er ideologiske skiljer i ei sak som dette, der høgresida normalt berre vil la valet avhenge av karkterar og venstresida helst vil at alle skal gå på næraste skule. KrF meiner karakterbasert val alt for ofte får bli framstilt som fritt skuleval. Men sjølvsagt er det ikkje det i realiteten. Når det er knapt om plassar, så vil ikkje dei med dårlegaste karakterane få valet sitt. Vi ønskjer å legge til rette for at dei elevane som er minst klare for å flytte heimanfrå og bu på hybel, både ut frå personlege forhold og ut frå familien sin økonomi, skal få gå på nærskulen og sleppe å flytte på hybel.

KrF spela tidleg inn i arbeidet at ein måte å lukkast på, kunne vere å kombinere det frie valet med å gje ekstrapoeng for å kome inn på «nærskulen (-ane)». Dei har ein liknande modell i Agder. Modellen vil vere enkel å forhalde seg til og søke etter. Å endre på inndelinga for kva som er bestemt som «nærskule» er delegert til hovudutvalet for opplæring for at ein skal få best mogleg og lokalt tilpassa inndelingar. KrF vil alltid leite etter etter forbetringar slik at flest mogleg får ønska oppfylt, og at vi har eit utdanningsprogram som er ønska av næringslivet.

I tillegg var det brei semje om å utgreie ein reisetidsgaranti som skal sikre at elevar ikkje får uforholdsmessig lang avstand til skulen dei går på. I følgje saksutgreiinga er dette verre å få til. Tidlegare Hordaland har hatt ein slik «garanti», men dei har aldri laga eit regelverk for korleis han skulle fungere.

Grunnen til å utgreie reistetidsgaranti, sjølv med nytt inntakssystem, er fordi vi i framtida ikkje kan vente at fylket klarer å tilby alle utdanningstilbod / linjer overalt. Det kan hende at næraste skule som har linja du vil gå på, er langt unna. Og at nokre tilbod har så få plassar at det vil bli sett på som fylkes-tilbod. Musikk, dans og drama kan td bli eit slikt tilbod. Dette gjer at karakterer framleis vil spele ein rolle for inntak. Og at ein reisetidsgaranti kan kome til nytte.

Det er viktig for gjennomføringa at flest mogleg får førstevalet sitt på fag og skule. Tidlegare inntak har vist at vi har scora bra på det, og det er grunn til å tru at det blir endå betre ved denne måten å gjere det på. Men det rokkar med innarbeidd tru på at det er rett at dei med beste karakteren har størst rett på å få førstevalet sitt. Det ligg derfor ei utjamning, og eit større omsyn til dei som slit litt meir med skulen, i denne modellen. Det er ofte den gruppa som har størst fråfall. Det har vore ein viktig grunn for KrF i arbeidet for fritt skuleval kombinert med nærskulepoeng.

Fylkestingsgruppa til KrF

Trude Brosvik, Tor Andre Ljosland, Kristina Vaktskjold Hamre