FRITT SKULEVAL: «Det er eleven sjølv som veit kva skule han eller ho vil gå på, ikkje fylkespolitikarane», skriv Christian Brekke, leiar i Sunnhordland Unge Høgre Foto: Privat

Fritt skuleval sikrar elevane retten til å velja sjølv

Regjeringa har nyleg vedtatt att at det skal fastsetjast nasjonale reglar som sikrar elevane sjølv retten til å velja kva for ein skule dei sjølv skal gå på. Vedtaket inneber at fylkeskommunane anten må ha fritt skuleval i heile fylket, eller fritt skuleval innanfor fastsette inntaksområde. Det betyr at alle elevar som skal søka vidaregåande opplæring får meir fridom til å velja kva skule ein vil gå på.

Det er nemleg eleven sjølv som veit kva skule han eller ho vil gå på, ikkje fylkespolitikarane.

Dette er eit stort framsteg i det å gje meir fridom til eleven når det gjeld eiga utdanning. Nærskuleprinsippet har lenge fråtatt eleven fridomen til å velja skule sjølv – denne fridomen gir regjeringa tilbake no.

Utdanning er ein stor del av livet, og definerer kva jobb du får i framtida. Ulike skular tilbyr ulike linjer og programfag som ofte ikkje blir tilbydd i nærområdet til eleven. Anten om du har lyst å søka på grøn innovasjon på Nordahl Grieg i Bergen eller TAF-linja på Fusa vgs. skal det vera din eigen innsats som bestemmer kor du endar opp. Ikkje vedtak frå fylkeskommunen.

Nokon elevar treng av ulike årsaker å komma seg vekk frå nærmiljøet sitt. Nokon er ute etter ein ny start etter år med mobbing, mens andre treng å komma seg bort frå miljøet i bygda si for å kunne utfalda seg som den dei faktisk er. Det blir heilt feil at postkoden til foreldra skal definera om eleven kan leva det livet han eller ho vil eller ikkje. Det er nemleg eleven sjølv som veit best om sitt eige liv og utdanning – ikkje fylkespolitikarane.

Christian Brekke, leiar, Sunnhordland Unge Høgre