INNSATS: – Den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa er alvorleg. Regjeringa vil difor setje i gang ei rekke tiltak for å styrke den sivile beredskapen og løyve fleire hundre millionar til dette formålet, skriv Odd Harald Hovland (Ap). Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Frivillig innsats som beredskapsressurs

21. januar sette Støre-regjeringa ned sin totalberedskapskommisjon, fordi beredskap lenge hadde stått for lågt på dagsorden. Få såg likevel føre seg kor skremmande aktuelt temaet skulle bli. Vel fire veker etter var det krig i Europa.

Den påfølgande flyktningkrisa har synt den formidable krafta som ligg i frivillig innsats. Ønskjet om å hjelpe er sterkt. Grupper og enkeltpersonar syner imponerande initiativ og driv. Innsamlingar, transport av utstyr og henting av flyktningar skjer nærast spontant.

Med litt koordinering kjem denne krafta endå meir til sin rett. Difor er dei frivillige beredskapsorganisasjonane så viktige – i fred, krise og krig. Dei organiserer personane som er villige til å stille opp, om det gjeld ein som er sakna på fjellet, når eit lokalsamfunn vert råka av eit ras eller når tusenvis av flyktningar treng hjelp. Dei er lokalt forankra. Dei er eit system der styring og koordinering er ein del av grunnkompetansen. Dei har trena på kjerneoppgåvene.

Verdien av at frivillig beredskapsarbeid er organisert og del av ein grunnleggande struktur, må ikkje undervurderast. I Hurdalsplattforma peiker ein på behovet for betre samarbeid mellom naudetatane og andre beredskapsorganisasjonar, og for at ein øver meir saman.

Den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa er alvorleg. Regjeringa vil difor setje i gang ei rekke tiltak for å styrke den sivile beredskapen og løyve fleire hundre millionar til dette formålet.

Etter innspel frå mellom anna Norsk Folkehjelp, blir det òg vurdert å auke tilskotet til dei frivillige i redningstenesta for å dekke drifts- og abonnementskostnader for 2 000 nye Naudnett-terminalar. Dette er viktig for at dei skal kunne bidra effektivt i søk- og redningsaksjonar. Sjølv om forslaget primært er ei investering i eit beredskapstiltak og handteringsverktøy, har det fleire effektar. I ein krisesituasjon vil dei frivillige òg kunne hjelpe myndigheitene ved straumutfall, brest i infrastruktur og ved støtte til lokalbefolkninga. I ein slik situasjon vil Naudnett vere viktig som kommunikasjonsverktøy i arbeidet og i kommunikasjon med mellom anna politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

2022 er frivilligheita sitt år. Av grunnar vi ikkje ønskte, har det òg blitt eit år der det frivillige arbeidet verkeleg har synt si kraft. Frivillig innsats er ein beredskapsressurs vi skal vite å verdsetje.

Odd Harald Hovland

Stortingsrepresentant Ap