Frivillig: – No må vi alle syte for å bidra til at suksesshistoria med frivilligsentralar kan halde fram også i åra som kjem, skriv stortingsrepresentantane Norunn Tveiten Benestad (H) og Liv Kari Eskeland (H). Biletet er frå då Fitjar Frivilligsentral arrangerte sentrumsdag i Fitjar, med Hrafn Thorsteinsson (til v.), Kari Nøstbakken, Victoria Drønen (6), Ellinor Bergesen og Odd Bondevik. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Frivilligsentralane – ei suksesshistorie vi skal ta vare på

Frivillig arbeid er veldig viktig for både kommunar og innbyggjarar over heile landet. No må vi alle syte for å bidra til at suksesshistoria med frivilligsentralar kan halde fram også i åra som kjem.

I år feirar vi at det er 30 år sidan dåverande sosialminister frå Høgre, Wenche Frogn Sellæg inspirerte kommunane til å starte opp det som vart heitande frivillig sentralar som er lokalt forankra møteplassar, open for alle som har lyst til å delta innan frivillig arbeid.

Første løyving fekk sentralane over statsbudsjettet året etter at framlegget vart lansert. Det vart startskotet for suksesshistoria, og i dag har vi 468 slike sentralar over heile Noreg.

Frivillig arbeid har lenge vore ei av Høgre sine hjartesaker. Arbeidet er basert på lokalt engasjement og er basert på eldsjeler som gjev av si fritid og ønsker å bidra.

Høgre i regjering har gjeve kommunane høve til å gjennomføre vår politikk på ein slik måte at ein får utvikla dette på lokal kunnskap og kompetanse. Løyvingane har auka også i år, om lag 200 millionar kroner går til frivilligsentralar i 2020.

Det vart tidlegare varsla at tilskotet frå neste år skulle fordelast etter innbyggjartal i kommunane i staden for mengde frivilligsentralar. Regjeringa har i staden valt å vidareføre dagens ordning i 2021, slik at midlane framleis blir fordelte etter tal frivilligsentralar. Det betyr at regjeringa har gjeve kommunane eitt ekstra år til å sikre ei berekraftig finansiering av sentralane.

Det blir no opp til lokale folkevalde å sjå den verdien det frivillige arbeidet skapar gjennom dette arbeidet, og den viktige møteplassen sentralane er for veldig mange. No som regjeringa aukar løyvingane, vonar vi at kommunane følgjer opp og tek sjansen på å satse.

Norunn Tveiten Benestad (H)

Stortingsrepresentant

Kommunal- og forvaltningskomiteen

Artikkelen held fram under annonsen.

Liv Kari Eskeland (H)

Stortingsrepresentant Vestland Høgre

Leiar distriktsnettverket Høgre