FAGRØRSLA: – For eit liberalistisk parti som Frp er det heilt naturleg å ha aversjon mot samhald, fellesløysingar og solidaritet, skriv Magne Misje. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Frp, fagorganisering og fagorganiserte

Sigurd Andre Maraas har halde innlegg på landsmøtet i Frp. Her fekk vi høyra noko så sjeldan frå Frp-hald som ein hyllest til fagorganisering, den norske modellen og trepartssamarbeid.

Eg er redd for at Maraas er og vil forbli ei einsleg svale i Frp i dette spørsmålet. For eit liberalistisk parti som Frp er det heilt naturleg å ha aversjon mot samhald, fellesløysingar og solidaritet som er fundamentet og idegrunnlaget for fagorganiserte og fagorganisering. Eg veit ikkje korleis Maraas sitt innlegg vart teke mot på landsmøtet, men tippar applausen var heller avmålt.

I 2013 gjekk Siv Jensen til frontalangrep på den norske modellen som no Maraas hyller. Den norske modellen står i vegen for det norske folk og dei smarte løysingane, hevda Jensen.

Les også
Landsmøte i Framstegspartiet

Det er ikkje lenge mellom dei kritiske utspela frå Frp mot LO spesielt og fagorganisasjonar generelt. Særleg er det historiske samarbeidet mellom LO og Arbeidarpartiet ofte sterkt kritisert, eit samarbeid som er utvikla og vedteke gjennom demokratiske prosessar.

I 2018 i regjeringserklæringa mellom Høgre, Venstre og Frp vart det vedteke eit punkt om at regjeringa anerkjenner det uorganiserte arbeidslivet. «Regjeringa anerkjenner at mange arbeidstakarar vel å vere uorganiserte.» Kva betyr å anerkjenna? Det betyr eit klapp på skuldra. Bra!

I festtalane frå Høgre, Venstre og Frp høyrer vi store ord om partssamarbeid, den norske modellen og det norske, siviliserte arbeidslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert tomme ord når regjeringa vel å skriva i ei regjeringserklæring at dei anerkjenner det uorganiserte arbeidslivet.

Magne Misje