– Det er grunn til å undra seg over korleis Frp, som byggjer sin politikk eit kristent fundament, greier å tolka og praktisera Bibelens bodskap på den måten dei gjer, skriv Magne Misje. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Frp og moral

Frp er såra og fornærma fordi Erna Solberg sa at å henta heim Is-kvinna og dei to barna var ei moralsk rett handling. Det er ingenting feil med det moralske passet vårt, heiter det frå Jensen, Dale og ande Frp-arar. Frp, som andre parti, får finna seg i at standpunkta dei tek, vert vurderte opp mot etiske og moralske standardar. Ein norsk familie har site i ein flyktningleir i Syria i snart eit år. Etter rapportar som har kome frå media og hjelpeorganisasjonar som har vore i leiren, er tilhøva farlege og helsemessig forferdelege. Det eine barnet kan, etter det som vert opplyst frå helsepersonell i leiren, ha ein livstrugande sjukdom. Over 500 personar døydde i al-Hol leiren i 2019. Av desse var 371 barn.

Frp vil berre henta heim barna og såleis skilja dei frå mora. Frp veit at eit samla fagmiljø rår frå at barn vert skilde frå sin einaste omsorgsperson i den situasjonen dei no er i. Familiepartiet Frp, som i andre samanhengar lyfter fram familien som ein grunnleggjande viktig institusjon i samfunnet, går altså inn for permanent å skilja mor og barn.

Norske borgarar vert utsette for fare ved at kvinna kjem heim, hevdar Frp. PST vil ikkje auka trusselnivået. Kvinna vart arrestert straks ho kom heim. Ho vert passa på av PST fram til rettssaka. Vert ho dømd, ventar ei lang fengselsstraff. PST-sjefen seier at ho vil verta følgd opp og må gå gjennom program både under eit evt. fengselsopphald og i lang tid etterpå. Truleg vil ho bli overvaka som få andre norske statsborgarar i mange år. Frp brukar å ha stor tillit til PST. Kvifor har ikkje partiet det i denne saka?

Frp har som program at politikken skal byggja på kristne og humanitære grunnverdiar. Dei har/hadde nestleiarar som offentleg fortel om si kristne tru, at dei går på bedehuset og trur på Jesus.

Der må dei ha høyrt om den barmhjartige samaritanen, bibelorda om å la borna koma til meg og Jesus sine ord om «kom til meg alle de som slit og har tungt å bera, hos meg skal de finna kvile».

Det kan ikkje ha gjort særleg inntrykk. Det synest å vera den dømmande og straffande Gud frå Det gamle Testamentet som er inspirasjonskjelda i denne saka.

Det er grunn til å undra seg over korleis Frp, som byggjer sin politikk eit kristent fundament, greier å tolka og praktisera Bibelens bodskap på den måten dei gjer.

Magne Misje