VAKSINER FRÅ ISRAEL: Odd Ståle Larsen og Stord Frp vil kjøpa vaksiner frå Israel. ARKIVFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Frp vil ha vaksinesamarbeid med Israel

Snart har alle innbyggjarane i Israel mottatt første vaksinedose og dei er det landet som har lukkast best med vaksinestrategien. Frp vil samarbeida med Israel om koronavaksinar.

Regjeringa har avvist å samarbeida med Israel. Difor ønsker Framstegspartiet å skapa eit lokalt press for at den norske regjeringa skal vakna. Eg er sikker på at Noreg vil få store fordeler av å samarbeida med Israel både kortsiktig og langsiktig. Vi veit at det er ein risiko for at det blir behov for å vaksinera store delar av befolkninga mot koronaviruset fleire gonger i mange år framover, og kven veit når neste globale pandemi rammar oss. Det er viktig at vi lærer og samarbeider med land som lukkast.

Stord Frp foreslår at Stord Kommune tar initiativ overfor styresmaktene om å gå i dialog med Israel om å kjøpa overskotsvaksinar. Vi må òg etablera eit langsiktig vaksinesamarbeid om forsking og utvikling på same måte som Austerrike og Danmark har gjort. Målet må vera at Noreg kan produsera og vera selvforsynte med vaksinar i framtida.

Vi håper kommunestyret støttar oss i kampen for å bli best mogeleg førebudd ved neste pandemi og om det er mogeleg å kjøpa overskotsvaksinar frå Israel. Israel er langt framme på forsking og utvikling av ny teknologi, og eit tettare samarbeid med dei er ein vinn-vinn-situasjon for Noreg.

Odd Ståle Larsen, kommunestyrerepresentant og medlem i utval for rehabilitering helse og omsorg, Stord Frp