Sidan 2000 har Dåfjorden stått for 60 prosent av folketalsauken i Fitjar kommune. Her ser me Selevik skule.
Sidan 2000 har Dåfjorden stått for 60 prosent av folketalsauken i Fitjar kommune. Her ser me Selevik skule. Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv

Fryktar for bygda si framtid

Frykt for nedlegging av grendeskular var mykje av årsaka til at mange fitjarbuar røysta nei til kommunesamanslåing med Stord. Dei frykta at Øvrebygda og Selevik skule raskt ville bli nedlagt dersom Stordøya vart samla til éin kommune. No kan det sjå ut som Fitjar kommune klarar å gjera den jobben på eiga hand – utan hjelp frå Stord.

Iallfall brenn det eit blått lys for dei to grendeskulane i forslaget til skulebruksplan som no skal opp til handsaming. Fitjar kommune er i ein krevjande økonomisk situasjon pga. effekten av nytt inntektssystem knytt til kommunereforma, og auke i folketalet som reduserer småkommunetilskotet. Difor legg administrasjonen fram ein ny skulebruksplan med innsparingar i skuleverket.

Meiningar:«Bygda mot straumen»

Dette har fått folk til å mobilisera, både på lesarbrevplass, og ved å organisera seg. Det nystarta Dåfjord Næringsforum har ei rekkje planar og fleire arbeidsgrupper, som både skal sjå på trivsel, næringsutvikling og samferdsle. Og dei vil leggja til rette for at endå fleire kjem flyttande til Dåfjorden. Men føresetnaden for busetnad i bygda på grensa mellom Stord og Fitjar er naturleg nok nærskulen, med tilhøyrande barnehage og SFO.

Les også: Nystarta næringsforum vil fylla Dåfjorden med hus

Sidan 2000 har Dåfjorden stått for 60 prosent av folketalsauken i Fitjar kommune. Så det er ikkje akkurat snakk om at dei skal leggja ned skulen i ei bygd som er på randa av stupet. Me er ei bygd i vekst, men utan skule så vil det verta heilt uaktuelt for nye å etablera seg her, seier representantane for næringsforumet i måndagsavisa. Dei vil kjempa ein hard kamp for å behalda skulen. Me håpar dei vinn.