«Vi veit at i både Krf, V og AP er det sterke krefter som ikkje ynskjer at ferjefri E39 skal gå over Bjørnafjorden», skriv Kjellbjørg Lunde. Arkivfoto: Kjetil Østrem

Full forvirring – verken ja eller nei?

Stortinget behandla nyleg Nasjonal transportplan (NPT), og overskrifta her kan dekke resultatet. Eg har lånt formuleringa frå Sunnhordland si omtale av SP sitt standpunkt til vidare skjebne for Hordfast over Bjørnefjorden.

I realiteten er det mange parti som er usikre på om Hordfast er mogeleg å gjennomføre etter gjeldande planar, og det ber innstillinga til NTP preg av. Media har fortalt at resultatet er sterkt prega av at vi er i eit valår, og partia har vore opptekne av å ikkje låse seg til konkrete forslag, og flagging av eigne standpunkt er dominerande. Difor er innstillinga mindre forpliktande enn nokon gong før og med færre fleirtalsmerknader. Som vi veit, er NTP-historia sterkt prega av at forslaga frå regjeringa er langt meir omfattande enn dei økonomiske realitetane tilseier.

Regjeringa, med H, Krf og V, har halde seg til tidlegare standpunkt, og lagt fram forslag om igangsetting av Hordfast, og vist det ved å ville løyve 1 mrd. i første omgang. FrP som har ivra for prosjektet, til tross for rekordhøge bompengar, har no gått bort frå fleirtalsstandpunktet og vil bygge utan bompengar. Realismen i dette får kvar og ein ta standpunkt til.

Les også
Eskeland: – Sp set heile Hordfast og Sunnfast i fare

Vi veit at i både Krf, V og AP er det sterke krefter som ikkje ynskjer at ferjefri E39 skal gå over Bjørnefjorden, men meinar at indre trasé vil gi langt større ringverknader. Dei som utgjer fleirtalet i fylkestinget prioriterar fylkesvegar, rassikring, tilrettelegging for kollektivtrafikk, og av større prosjekt; ny bane- og veg mellom Bergen og Voss.

I Bergen har det AP-dominerte byrådet og fleirtalet i bystyret, gjort vedtak som skal hindre meir biltrafikk inn mot Bergen. Hordfast vil gi det motsette. Når AP sin førstekandidat frå Hordaland valkrets, Marte Mjøs Persen, uttalar seg om Hordfast, er det tydeleg at dette prosjektet ikkje står på hennar prioriteringsliste.

Motstanden aukar frå mange aktørar, både i politiske parti, interesseorganisasjonar og blant folk flest. Veljarane har fått meir kunnskap om ressurs, klima- og miljøkonsekvensar ved gigantprosjekta, og ser at vi må legge om til eit berekraftig samfunn. Då kan vi ikkje tilrettelegge for ei mangedobling av trafikken, til enorme kostnader for den einskilde og samfunnet, rasere verdifulle og unike naturforekomstar og sårbar kystlandskap gjennom firefeltsveg ved sidan av den eksisterande.

Mitt parti, SV, har alltid meint at vi treng tenlege vegnett mellom fjordane og ute i distrikta, før ein vurderar fjordkryssingar, og når slike skal realiserast må det veljast løysingar som er i samsvar med trafikkgrunnlag, miljø-, natur- og klimakrava.

Les også
Om politisk støtte til Hordfast

Difor har Stord SV gått inn for indre trasé, om fleirtalet vil bygge ferjefritt. Vi går inn for brua over Langenuen og vidare to/trefelts veg forbi Onarheim på Tysnes, og vidare gjennom Fusa med tilknyting til aktuelle andre prosjekt; mot Hardanger; Bergen – Voss, og gjennomgangstrafikken utanom Bergen ved samband mot nord/Romarheim. Ein arm til Os/Bergen frå Samnanger vil eg tru vil gi langt større ringverknader for den nye Bjørnafjorden kommune, enn ei bru over fjorden der folk skal suse avgarde i 110 km/t.

I helga var eg igjen ein liten rundtur over sørsida av Tysnes, Fusa, Samnanger og langs nordsida av Hardangerfjorden. Ei oppleving på så mange slags vis! Eg forstår godt dei ordførarar og lokalpolitikarar som tykkjer det må vere feil prioritering å bruke store midlar på ei bru for å komme nokre minuttar raskare frå A til B, når trafikken, inkludert næring, i hovdsak må snigle seg fram på utvida kjerrevegar frå gamle dagar.

Dette kan gjerast noko med, og veljarane har sjansen i september.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjellbjørg Lunde

Les også
Hentar tidlegare ordførar i ny lobby-stilling: Slik skal dei få gjennomslag for Sunnfast-prosjektet