Rundt 4.000 personar tok del i Storapride i fjor haust. Kommande laurdag er det ny parade i Leirvik sentrum.
Rundt 4.000 personar tok del i Storapride i fjor haust. Kommande laurdag er det ny parade i Leirvik sentrum. Foto: Harald Onarheim

Gå for kjærleiken

I år er det 50 år sidan skeive på utestaden Stonewall i New York tok til motmæle mot trakkasering og uakseptabel åtferd. Sidan den gong har det vorte mange og viktige Pride-tog rundt omkring i verda, der kjærleik, mangfald og fridom vert feira. Men sjølv om det er 50 år sidan Stonewall, står verdiane og kampen framleis sentralt når fridom og kjørleik løftast fram under Storapride.

Frå heile verda får me nyhende om grusomme hendingar, forfølging, fengsling og trakassering. Det visar at retten til å elska den ein vil ikkje er så sjølvsagt som den burde vera. Altfor mange opplever diskrimineirng og at dei ikkje vert fullt ut anerkjende og akseptert, på bakgrunn av kjønn, etnisitet og seksuell orientering eller funksjonsnivå. Me må stå opp for rettane til å elska kven ein vil.

Meiningar: Sju gode grunnar til å delta på Pride

Skal me oppnå fridom for kvar einskild, må me ta ansvar for kvarandre. Norge er eitt av verdas beste land å bu i for LHBTIQ-personar, og det skal me vera stolte av. Stolt, men aldri tilfreds. Ja, me har kome langt og me har vunne viktige kampar. Opphevinga av forbodet mot homofile handlingar i 1972, partnerskapslova i 1993, og felles ekteskapslov i 2008 er nokre av mange sentrale milepålar. Men dei viktigaste kampane er alltid dei me enno ikkje har vunne. Difor vil regjeringa sørgja for at Norge går foran internasjonalt for å fremja rettar for seksuelle minoritetar, og i mai arrangerte me IDAHOT-forum 2019, som er Europas viktigaste LHBTIQ-arrangement.

I fjor var det fem engasjerte ungdommar som drog i gang Storapride for første gong. Dei ana ikkje kor mange som ville møta opp og blei nok overraska då 4.000 ville feira kjærleiken. Det seier noko om engasjementet på Stord og i Sunnhordland. Det er rørande og inspirerande.

Les også:Slik er programmet for Storapride 2019

Verda rundt kjempar liberale for retten til å elska den dei vil, uavhengig av nasjonalitet, religion eller kultur. Den retten er det verd å kjempa for. Så lenge me går saman vil fridomen til å vera den ein er alltid vinna over kreftene som hevdar noko anna. Lukke til med Storapride – de har ein stolt kultur- og likestillingsminister i ryggen – og eg håpar gatene vert fylt med folk som går for fridomen til å elska den ein vil, i år igjen. Venstre kjem, og me oppmodar alle om å møta opp!

Geir Angeltveit,

ordførarkandidat,

Stord Venstre

Trine Skei Grande.

kultur- og likestillingsminister (V)