Alternativ: Positive ord på lappar. Foto: privat

Galleri Gullberg med alternativ Halloween-feiring

Margrethe Hystad Carter, som driv Galleri Gullberg, tok torsdag kveld initiativ til ei alternativ Halloween-feiring.

Ikkje alle er positive til Halloween, difor inviterte ho til «Hallo Venn»-feiring.

Det var 11 deltakarar på arrangementet. Dei koste seg i Gullhaugen, som er leikeplassen ved Galleri Gullberg.

Det var laga til fem ulike postar. Nokre med fysisk aktivitet og nokre postar med oppgåver som borna skulle løyse.

Ein skulle til dømes skrive noko fint på ein lapp og gje til ein venn. Og så var det ord på små lappar der ein skulle trekke to lappar. Ein til seg sjølv og ein til å gje nokon andre.

Etter leik og moro ute var det tid for servering av heimelaga gresskarsuppe og kakao inne i galleriet.

Gunnhild Hystad

Fekk lappar: Abelone Susan Haga Svendsen (10). Foto: Privat
Fekk lappar: Vilde (4). Foto: Privat Foto: privat