Utstilling: Karvel Strømme oppmodar publikum om å møta opp i Galleri Losjen på Fitjar. Foto: Privat

Galleri Losjen i Fitjar

Eg lova å koma attende med meir stoff om det vesle, vakre galleriet vårt.

I innleiinga spurde eg om me treng eit galleri i bygda vår, og svaret var eit ubetinga JA! Alle bygder, store og små, treng eit galleri, for det kan inspirera folk til å laga noko som andre kan ha glede av å sjå. Eg er ikkje naiv når eg trur at Galleri Losjen har gledd svært mange menneske, både frå Fitjar og Stord og frå stader lengre borte.

Ved nokre høve, som t.d. ved opninga av utstillinga med maleria til fitjarbuen Karl Gloppen, var galleriet så fullt at eg måtte brøyta meg fram då eg skulle foreta opninga. Det same skjedde då me hadde utstilling av bileta til Magnus Hardeland, opprinneleg fitjarbu, men med bustad i Bergen. Han som laga vårt eige kommunevåpen, Gullhjelmen til Håkon den gode, som me er så stolte av, men òg kommunevåpen til mange andre kommunar på Vestlandet. Og så må me nemna Kristoffer Aarskog, også ein utflytta fitjarbu.

Men så skal me sjølvsagt nemna utstillingar med både lokale kunstnarar og folk utanfrå, som har både gledd og inspirert publikum med arbeida sine. Og her vil eg vera så personleg at eg vil nemna Bjørg Strømme, ein multikunstnar som meistrar fleire ulike teknikkar, både innan malarkunst, foto og saum. Ho hadde utstillingar i bygda lenge før me fekk Galleri Losjen, men sidan me fekk det, har ho hatt tre utstillingar der, den siste med kurs i akvarell, der folk kunne få læra denne maleteknikken. Og no opnar dottera, Maren Sofie Strømme, si utstilling i byrjinga av august.

Les også
Treng me eit galleri i Fitjar?

Fleire andre kunstnarar, amatørar og profesjonelle, både frå Fitjar og frå Stord har hatt utstilling der, t.d. Roald Tellnes frå Haugesund, Bernt Olaf Nesbø, Bjørn Bjørlykke, Astrid Kjellevold, Liv Sonja Flolid og Sigurd Søreide. Sist - men absolutt ikkje minst – den verdenskjente kunstnaren, min gode venn Kjell Pahr Iversen frå Stavanger, som nyleg ble utnevnt til ridder av St. Olav for sin lange kunstkarriere. Eitt av hans første og største arbeid var utsmykkinga av den vakre hallen på Rimbareid skule då skulen var ny i 1968. Sams for alle desse utstillarane eg har rekna opp, og fleire andre, er at alle har skrytt av huset og utstillingstilhøva der.

Så vil eg konkludera med å oppmoda fleire:

Fitjar kommune om å ta vare på huset, både innvendig, der det førebels ser bra ut, men spesielt utvendig, der det etter kvart verkeleg treng vedlikehald.

Lokale og fjernare kunstnarar, både profesjonelle og amatørar, om å bruka galleriet som utstillingsarena, til glede for eit kunstelskande publikum (eller for dei som kan bli det!). Det er berre å ta kontakt med vår kultursjef, Bente Bjelland, Fitjar kommune.

Og så vårt kjære publikum: Følg med når det blir utlyst utstillingar i Galleri Losjen, og kom og sjå! Eg kan ikkje garantera at du blir oppglødd og inspirert av alt du får sjå, men har du det slik som meg, er det alltid noko, om ikkje meir enn eitt kunstverk, som vekkjer interessa og får deg til å gløda!

Karvel Strømme, Fitjar