«Min oppvekst i Sagvåg hugsar eg å vere av det lukkelege slaget», skriv Harald Almås. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Gandaråta, kontepillar, hodnaknorr og trivsel

Kanskje ikkje heilt respektfulle namn på desse maritime skapningar som no nesten ser ut til å vere utrydningstruga. Det er i alle fall ikkje mykje sommardagen å sjå til dei lenger. Her meiner me sjølvsagt bergnebb, kutlingar og ulke. Oppvaksen som eg er i Sagvåg på 50- og 60-talet, blei tilhald ved sjøen ein naturleg del av kvardagen.

Som ein av dei nære naboar hadde me bedrifta Nils Risnes & Sønn, seinare Risnes Sønner AS. Forutan å vere ein mekanisk verkstad og båtbyggeri, noko eg gjerne vil kome tilbake til, var det også ein romsleg plass å vere for oss som var ungar. Gamlesmeden, Nils, hadde lagt merke til at barneborn, og naboborn, lika å fiske frå kaikanten. Det var berre det at for nokre av dei yngste av dei var det så som så med symjedugleiken. Men redningsvest var den gong eit framandord, så i staden for å jage borna bort, smidde han til ein stor krok av stål på eit langt skaft som skulle passe til å få tak under armane på born som evt. hadde falle utfor kaikanten. Heldigvis blei det aldri bruk for redningsutstyret, men i mange år hang denne klar i mastrekranen som var montert ved kaien.

Fisketypane eg har nemnt innleiingsvis var uvelkommen bifangst. Gandaråtå, eller bergnebben, var ein meister til å stele agnet, som stort sett var strandsnegl. For å få opp og rydda av vegen denne irriterande fisken, hjelpte det litt å utstyre seg med den minste angel som var å skaffe i Sagvåg. Ein kunne ikkje kjøpe mindre enn to av den, for han kosta eit halvt øre. Det går som kjent hundre øre på ei krone. Angelen var så pass liten at også bergnebben kunne svelgje den pluss agnet. I Sagvåg kunne ein kjøpe mange ting. På ei hylle hos S. Jonassen landhandel stod ein liten trekasse med blykuler. På spørsmål forklara Sigurd Jonassen at dette var nisehagl som var noko større enn dei som var i vanlege patroner og at ein måtte lage ladninga sjølv. Han forklara vidare at når ein hadde kome nisa på skothald, måtte ein vente til nisa hadde trekt pusten før ein skaut, ellers ville nisa søkke til botnar.

Men målet for fisket vårt var kviting, som kunne finnast nokså talrik under kaien. Sjølv var eg så heldig å ha ei mor som alltid var klar for å setje over ei panne til å koke fangsten. Ekstra stas var det når sjøauren ein sjeldan gong slo til, eller litt oftare, ein torsk. Ungeflokken var sikkert av og til i vegen og utgjorde ei ekstra utfordring for dei tilsette ved verkstaden i ytre Pollen, men ikkje ein einaste gong kan eg hugse at me blei jaga frå kaiområdet. Eg høyrde ikkje til familien, men opplevde meg alltid å vere velkommen. Fine barneminne dette, frå ei tid der ungar om dagane stort sett levde ute i det fri, og også var nokså frie, om ikkje foreldra våre hadde planar om arbeid som skulle gjerast, eller at me skulle springa ærend for familie eller nabo. Min oppvekst i Sagvåg hugsar eg å vere av det lukkelege slaget.

Harald Almås