Brynjar Stautland.
Brynjar Stautland. Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv

Geopark Sunnhordland frir til Unesco

Geopark Sunnhordland vart offisielt opna av ordførar i Bømlo, Odd Harald Hovland fredag 20. september. Denne veka reiser underteikna og Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland Museum til Sevilla for å presentere Geopark Sunnhordland som søkjar til medlemskap i European Geopark Network (EGN) i 2021, eit medlemskap som gjev UNESCO-status.

Geopark Sunnhordland fekk alt i november 2018 status som Norsk Geopark, og det som den fyrste i Noreg. Søknadsarbeidet opp mot EGN er arbeidskrevjande, men Geopark Sunnhordland er med fleire geologiutstillingar samt det levande Moster Amfi som knutepunkt, på god veg til å oppfylle kriteria. Framover skal innhald for undervisning på ulike trinn, informasjon om og på geolokalitetar i Sunnhordland, guide-opplæring og partnaravtalar med reiselivsrelatert næringsliv vektleggjast. Geologisk presentasjon og kartmateriell vert utarbeidd for geoparken av Institutt for geovitenskap ved UiB samt NGU.

Ambisjonen er å bli ein verdfull tilretteleggjar for skuleverk og reiseliv då det gjeld geologi- og landskapshistorie, og å vise den vesentlege påverknaden geologien har hatt på menneska her gjennom tidene anten det gjeld mat, fiskeri og landbruk, transport, industri og kultur. Denne påverknaden er såpass omgripande og unik i Sunnhordland at eit fagråd av geologar og arkeologar meiner området er kvalifisert til UNESCO-status. Kunnskapen og historiene er stadig meir etterspurde og verdiaukande både for turistar og fastbuande, og medlemskap i nasjonale og internasjonale nettverk er nyttig i høve til marknadsføring, merksemd og truverd.

Brynjar Stautland,

prosjektleiar