YRKESFAG: Mohamed Kallel, Jeanette Syversen og Sunniva Vik (til h.) skriv i lesarbrevet korleis partiet Raudt vil styrkja fagarbeidarutdanninga. Foto: Per Arne Flatberg

Gjenreis tilliten til fagarbeidarutdanninga

Pandemien avdekkja at trass stor arbeidsløyse, også blant ungdom, har fleire sektorar gjort seg fullstendig avhengige av innleigd utanlandsk arbeidskraft gjennom bemanningsbyrå. For å motverke denne avhengigheita må yrkesutdanninga leggjast opp slik at det byggjast bru for unge arbeidsledige til ledige stillingar og behovet i arbeidsmarknaden.

Frisleppet av bemanningsbransjen gjort under Stoltenberg 1-regjeringa har ført til nedbygging og manglande prioritering av yrkesfaga. Dette har vore gjort mogeleg gjennom uavgrensa tilgang på innleigde pendlarar frå heile EØS-området. Sidan dette frisleppet har også organisasjonsgraden i arbeidslivet sokke, ei uheldig utvikling som har vorte forsterka av 8 år med Høgre i regjering.

Erfaring viser at endringa av sysselsetjingspolitikken frå fast tilsett, lokal arbeidskraft til innleigde pendlarar busett i utlandet har ført til manglande rekruttering til yrkesfaga, noko som trugar fagopplæringa sin plass i mange sektorar. Kutt i driftsbudsjetta i opplæringssektoren, saman med endringar i friskulelova, har dessutan gjort at private skular i stadig større grad tek over elevgrunnlaget. No står dei private skulane fritt til å søke konsesjon for yrkesfaglinjer, noko som inneber at utviklinga av yrkesfaga stadig meir fell bort frå demokratisk vald politisk styring. Dette skapar negative ringverknader for inntaket av lærlingar.

Den utrygge arbeidsmarknaden gjer framtida usikker for dei unge som i dag går yrkesfag. Eit stort antal yrkesfagselevar planlegg difor søke seg over til ålmennfagleg påbygging i staden for å gå læretida, for å i staden få studiekompetanse og ta høgare utdanning. Om ein veit at ein får fast jobb å gå til etter yrkesfag og læretid, vil det bli tryggare å satse på å fullføre løpet mot fagbrev. Slik er det ikkje no, og difor bør ein ikkje leggje ned påbygg-klassar i Vestland fylke, slik føreslege av posisjonspartia. Ei ny regjering må få på plass ein nasjonal, rettferdig arbeidslivspolitikk, som legg til rette for at læreplass og fagbrev blir einstydande med fast jobb, då vil påbygg bli mindre ettertrakta.

Raudt vil byggje eit trygt arbeidsliv, der rett til lærlingplassar er garantert og fast jobb er normalen. Vi må sikre at den offentlege vidaregåande skulen lyser ut eit opplæringstilbod som kan komme etterspurnaden i arbeidslivet i møte, samstundes som vi nasjonalt tek eit oppgjer med bemanningsbransjen og innleige som forretningsmodell.

Raudt vil arbeide for at det vert gjeve ressursar til ei planlagt og storstilt satsing på yrkesfaga i mange år framover. Det inneber å satse på eit godt samarbeid mellom partane i arbeidslivet og offentlege styresmakter. Både yrkesfaga og arbeidsformidlinga bør vere eit demokratisk styrt offentleg ansvar, og ikkje overlatast til marknadsstyring i privat regi.

Fagarbeidaren er ein av berebjelkane i den norske trepartsmodellen. Raudt vil framheve samarbeidet mellom de lokale tillitsvalde, NAV, det lokale næringslivet og kommunen. Alle desse spelar ei viktig rolle for ufaglærte og arbeidsledige som treng praksis og mogelegheita til å oppleve yrkesstoltheit.

Raudt vil sikre framtidas fagarbeidarar, jobbe for lærlingplass til alle, auke lærlingtilskotet, og stille krav om læreplassar til private bedrifter som mottar offentlege tilskot. Vi meiner at vi må få i gang ein rekrutteringskampanje for fagarbeidarutdanninga innan alle sektorar, samstundes som vi gjennomfører tiltak for å auke organisasjonsgrada og nedkjempe sosial dumping. Eit godt organisert arbeidsliv og eit breitt offentleg yrkesfagleg utdanningstilbod som fører til fast jobb, er det som skal til for å hindre den todelte arbeidsmarknaden og motverke auka sosial og økonomisk ulikskap.

Jeanette Syversen, gruppeleiar Raudt Vestland, Stortingskandidat Raudt Hordaland

Mohamed Kallel, Stortingskandidat Raudt Hordaland

Artikkelen held fram under annonsen.

Sunniva Vik, Stortingskandidat Raudt Hordaland og leiar i Raud Ungdom Bergen