Meiningar: – Vårt eige land, Noreg, klarar me å utgjera ein liten skilnad? Vil me det? Vågar me? Mitt svar er meir grøn politikk, skriv Oscar Ingebrigtsen. Arkivfoto

Glimt frå risikogruppa

I vår alder (78) er det blitt ein del av kvardagen å tenkja attende på alt ein har opplevd i livet. Noko har blitt skrive ned, men det meste blir nok borte for alltid. Men så er det det som skjer i dag, det engasjerer også. Eg hugsar svigerfar sa, etter at han var passert om lag sytti, at no var verda gått aldeles av hengslene eller at ho i alle fall ikkje ville overleva påsken. Han var blitt forferda over alt det vansindige (i hans auge) han som norsk borgar opplevde på sine eldre dagar. Slik er det blitt med meg også, eg hadde aldri trudd eg skulle få oppleva det som no skjer.

Epidemiar er ikkje noko nytt. Svartedauden (1347-1851) og Spanskesjuka (1918-1920) var begge pandemiar som ramma hardt, folk var makteslause. Spanskesjuka tok livet av fleire enn drepne i første og andre verdskrigen til saman. «Det var nok Hans vilje» var forklaringa, altså ein straffedom frå høgste hald. Farmora mi døydde i Spanskesjuka i 1918. Fem månader før miste far min den vesle dottera si og kort tid seinare døydde også mor til barnet, den første kona hans. Tre av dei næraste gjekk bort i løpet av fem månader. Sjølv var han berre 19 år. Han fekk eit tidleg møte med døden. I dag veit me langt meir om infeksjonssjukdomar. Medisinsk forsking er redninga, vaksinar har blitt utvikla, me kan rekna med at også den siste pandemien, Coronaen, vert stansa før eller seinare. Bank i bordet.

Trass i desse tragiske og gjentekne epidemiane, veks folketalet på jorda. Eg lurer ofte på kor mange menneske jordkloden vår klarar å bera før han kollapsar fullstendig. Ti milliardar? Femten? Meir? For nokre tiår sidan var det mogeleg matmangel som var i fokus som bremsande faktor. Det problemet er visst mindre aktuelt no, så lenge meir regnskogsareal kan takast i bruk. Likevel, når maten vert så skeivt fordelt, vil det alltid vera millionvis av fattige. Mange av desse døyr kvar dag, utan at me legg så mykje merke til det, folketalet veks jamt og trutt. Det største hinderet er truleg religiøse og kulturelle fordomar. Dei trumfar alt. Løysinga må vera utdanning, særleg av kvinnene i fattige land. Men er det nok?

Les også
Korona-frykt og uthaldeleg karantene

Trumf? Eller var det Trump eg høyrde? Her er det ein viss likskap, både språkleg og faktisk. Trump ser jo ut til å trumfa alt, så lenge han får lov å tura fram av det amerikanske folket. Aldri har me sett maken til nasjonalt bedrageri. Og sanneleg har han fått ein kopi av seg i Brasil. Der kan konsekvensane bli endå større. Nei, verda står nok ikkje til påske denne gongen heller!

Ein gong seint på syttitalet var eg på ein vitskapskonferanse i Hamburg. Nokre av oss vart inviterte til privat middag heime hos leiaren for konferansen, ein tysk professor. Eg kom i samtale med kona hans, ei pent pynta dame omkring seksti, ho var opptatt av den amerikanske presidenten, som den gongen var Jimmy Carter. «Ein ynkeleg og svak mann», forkynte ho, «USA kjem snart til å missa leiarskapen i verda om dei ikkje skaffar seg ein sterkare president». Men så fekk dei altså Donald Trump. Ja-ja, ho visste nok kva ho snakka om, denne klarsynte representanten for den tyske overklassen.

Vårt eige land, Noreg, klarar me å utgjera ein liten skilnad? Vil me det? Vågar me? Mitt svar er meir grøn politikk. Ikkje uventa kanskje, av ein som har predika miljøvern for kommunale politikarar i tretten år. Det mest gledelege på dette området dei siste åra er tenåringen Greta Thunberg. Ho kom som eit lynglimt frå ingenstad, fillerista verdas elite og har sett agendaen for dei næraste tiåra. Det heng ein fredspris og ventar ungdomen.

Skal me ta vare på mennesket inn i framtida, ikkje minst den globale helsa, må me ta betre vare på jorda. Så enkelt og så vanskeleg.

Oscar Ingebrigtsen