Reidun Rasmussen Mjør.
Reidun Rasmussen Mjør. Foto: Marius Knutsen

«God kvalitet ved Stord sjukehus»

I eit ope brev spørKjell Larsen om Stord sjukehus held den kvaliteten som pasientane forventar. Heldigvis har pasientane sjølve svart på dette. Brukarundersøkingar viser at pasientane på Stord er nøgde med behandlinga dei får.

For oss som arbeider i sjukehus er kvaliteten i behandlinga det aller viktigaste. Det er difor gledeleg at Kjell Larsen er nøgd med omsorg, velvilje og god mat på Stord sjukehus. Alle desse faktorane er viktige for god behandling. Det same er reinhald av sjukehuset. Sjølv er eg i sjukehuskorridorane dagleg og møter dyktige medarbeidarar innan både pleie, mat og reinhald. Larsen peikar på reinhald som ei utfordring. Dette er ikkje kjent for meg, men eg vil sjølvsagt sjå nærare på saka. Det skal vere reint på sjukehus. Det skal også vere tilbod om mat på kveldstid for dei som er svoltne.

For snart to år sidan la dåverande innehavar ned kiosken han leigde lokale til ved Stord sjukehus. Mange saknar kiosken, men diverre var omsetnaden liten for dei som dreiv tilbodet. I dag er gjennomsnittleg liggjetid i sjukehus kortare enn før. Det gjer at behovet for å handle er redusert, samtidig som bøker og aviser er blitt digitale.

Eg er takksam for gode innspel frå Kjell Larsen – og gler meg over at han er nøgd med Stord sjukehus innan både behandling, omsorg og velvilje. Utfordringsområde som er peika på skal vi ta tak.

Reidun Rasmussen Mjør,

klinikkdirektør