Helge Hammersland. Foto: Henrik Mundal Andressen

Gode pastor Toresen

Å skriva innlegg i Sunnhordland kan vera kjekt. Og viss nokon les innlegget er det endå kjekkare. For ikkje å snakka om kor kjekt det kan vera når nokon svarar. Slik du, pastor Jens Toresen gjer sist fredag. Eg skulle likevel ynskja at det ikkje berre var overskrifta som bar bod om at det var eit svar på mitt innlegg. Det meste var ikkje det. Men eit motsvar skal du få.

Utgangspunktet mitt var, som eg håpa dei fleste forstod, presidentvalkampen i USA, som engasjerte og provoserte i høg grad, i alle fall underteikna. Og det som provoserte meg mest — i tillegg til hovudpersonen sjølv — var dei mange såkalla profetiane om at Gud igjen kom til å syta for at Trump vart attvalt. Det er sjølvsagt rett som du hevdar, at konservative kristne i USA har i mykje større grad enn i Noreg latt det gå politikk i si tru. Her har eg ingen ting å tilføya. Og eg vil på ingen måte hevda at alle kristne i Noreg, konservative eller ikkje, støttar Trump. Her vil eg gjerne leggja til at eg har mange kristne vener som korkje plagar eller provoserer meg på nokon måte. Og det var ikkje mi meining å provosera eller plaga dei heller. Men eg har mellom anna følgd med på kva ein del kristne TV-kanalar (t.d. Visjon Norge) har hatt føre seg, og det er både skremmande og morosamt på éin gong. Og det verste av alt; dei har store tilhengjarskarar. Og når sentrale personar i partiet «De kristne»; (Tomas Moltu) for ikkje å snakka om fordoms storleikar på Stortinget (Anita Apeltun Sæle) står fram både i skrift og tale og herleggjer galskapen, meiner eg meg å vera godt innanfor i min omtale. Og ja, eg harselerer gjerne både med dei og gudane deira. Det har eg ingen vanskar med å vedkjenna meg.

Les også
Svar til Helge Hammersland

Elles er vel alle samde om at abort er ein uting; også dei av oss som er for kvinner sin rett til sjølv å ta slike vanskelege avgjerder. Sjølv nemnde eg det berre så vidt, då det ikkje var tema her. Men krig er òg ein uting utan at eg kan sjå at kamp mot uvesenet har stått på kyrkja sin agenda opp gjennom historia, for å seia det svært forsiktig. Israel sin rett til å eksistera innanfor trygge grenser er det vel heller ikkje så mange i Noreg som dreg i tvil. Og jødehatet er i høgste grad eigna til å skremma, på lik linje med alt anna hat som ser ut til å breia om seg. Men det er snart gjort å blanda saman hatet mot det mange kallar ei okkupasjonsmakt, og hatet mot jødar som folkegruppe. Og det går eit nokså skarpt skilje; også innanfor den jødiske staten, mellom dei som meiner at han vart til etter eit FN-vedtak i 1947, og dei som meiner at det var Gud som gav jødane dette landet. Og når ein først trur på sistnemnde, er ikkje vegen lang til å tru på resten av spådomane som eg refererer til. Og ingen skal overtyda meg om at konservative kristne si støtte til Israel ikkje er bibelsk motivert; jf. t.d. 1. Mos 12,3. «Og eg vil velsigna dei som velsignar deg (Israel) og den som forbannar deg, vil eg forbanna».

Og det er heilt ok, så lenge dei vedstår seg det. Eg nemnde til slutt i mitt innlegg at dei som ikkje skjønna kva eg snakka om, burde sjå NRK-dokumentaren «Til Dommedag». Det står eg fast ved. Du skriv at Hermageddon ikkje har stått på sakskartet ditt. Nei, det trur eg deg på. Men eg hugsar godt då du i eit innlegg i Sunnhordland tidfesta slutten, eller i alle høve starten på slutten, til rundt 2025.

Verda treng ikkje fleire dommedagsprofetar. Det har vi hatt nok av opp gjennom historia. Eg trur gjerne at mange kristne ser fram til hendinga med stor forventning, men omgrepet har hos dei fleste ikkje noko positiv klang, anten det har ei religiøs tyding eller ikkje.

Helge Hammersland