Meiningar: – Me reagerer sterk på at det er tale om å leggja ned Sagvåg Barnehage, avdeling Nysæter, skriv styret i Sagvåg Bygdalag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Godt barnehagetilbod der folk bur!

Styret i Sagvåg Bygdalag har hatt oppe, og ynskjer no å vera med å uttala seg om barnehagetilbodet i Sagvåg-Litlabøområdet.

Me reagerer sterk på at det er tale om å leggja ned Sagvåg Barnehage, avdeling Nysæter.

Grunnen er fyrst og fremst at barnehagedekninga faktisk er alt for låg i dette området av kommunen, og vert denne barnehagen lagt ned så må kvart fjerde barn med behov for plass, førast ut av Sagvågs-Litlabøområdet for å få koma i barnehage.

Det er greitt at «unnskyldninga» er at ein likevel skal den vegen for å koma seg på jobb, men i ein familie er det som oftast fleire born i barnehagealder/skulealder. Her er kanskje nokon sjuke! Då kan ein ikkje berre stikka opp i barnehagen med den eine, sidan turen til barnehagen og attende minst tek 30- 40 minutt.

Me ser heller ikkje grunn å la god barnehagedekning innanfor gå utover det vesle tilbodet me har i Sagvågsområdet.

Me har ingen grunn til å setja nokon barnehagar opp mot kvarandre, og har heller ikkje forut- setningar for det. Men me reagerer litt når me høyrer at i området der den andre truga barnehagen ligg, er det fire andre barnehagar innanfor ein omkrins på ein kilometer. Slik har me det slett ikkje i vårt område.

Som sluttord vil me igjen presisera at me ikkje er ute etter å ta andre barnehagar, men i vår gode velferds-kommune bør og må det vera nok og god barnehagedekning for alle i sitt nærmiljø.

Styret i Sagvåg Bygdalag