Frå 8. mars-toget i 2020. Foto: Ingvild Siglen Berger

Gratulera med 8. mars - den internasjonale kvinnedagen

Når kvinner finner saman ser vi makt som den er,

då vil vi kvinner saman kle av keisarens klær.

Den makt som prøver selje oss med fridom som skjold,

den makt som i system fortier møter med vold.

Og dei som sa vårt sinne burde byttes ut med smil,

for dei liker oss jo betre sånn.

Kule jenter trenger jo ikkje kjenne på tvil

- når vi tafser gir vi komplimang.

Dei kalla oss rigide, bad oss løsne litt opp,

for kule jenter skaper ikkje uro på topp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men kvinner finner saman og vi vil halde fram

og stå på barrikader når makta er klam.

Og dei som sa ...

Vi sloss for å bestemme over kroppen vi har,

vi sloss mot pornografer og den fridom dei tar.

Og når ein hallik hevder han er ein filantrop,

så vi vil alltid være der med slagord og rop.

Og dei som sa…..

Når kvinner finner saman er vi ei kraft dei kan sjå.

då freistar dei så hardt dei kan å gjere oss små.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er rart å vite at for mange er verda slik:

at likestilte kvinner skremmer meir enn kvinnelik.

Og dei som sa vårt sinne burde byttes ut med smil

for dei liker oss jo betre sånn.

Edle jenter trenger jo ikkje kjenne på tvil -

dei vil aldri gjere seg sjølv til hån.

Tekst: Sofie Klemetzen

Maria Malmsten, for Kvinnegruppen Ottar

Les også
Meiner det er éin stor feil på dette biletet
Les også
Takk til kvinner
Les også
Kvinne og samfunnssak