Meiningar: Leiaren i NITO meiner det er fantastisk at Høgskulen på Vestlandet vil bruka fem millionar av pengane til fleksible utdanningsløp på fleire studieplassar innafor Stordmodellen. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Gratulerer til Stordmodellen!

NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland har gjennom fleire år framsnakka Stordmodellen. Eit utdanningsløp som gjev fagarbeidarar sjansen til å få seg ingeniørutdanning parallelt med at ein er i arbeid. Stordmodellen kom på plass i 2012 etter initiativ frå dei største verksemdene på Stord som såg at dei måtte ha fleire ingeniørar. Av mange vert er ofte dei som har bakgrunn som fagarbeidarar før dei tek ingeniørutdanning rekna som dei beste ingeniørane. Modellen er unik i norsk samanheng, og blir ofte trekt fram som eit døme på korleis ein kan heva kompetansen i samspel mellom industri og styresmakter.

Les også
Stordmodellen får fem millionar kroner

Difor er det med glede vi les i avisa Sunnhordland måndag 8. juni at regjeringa har løyvd 100 millionar til såkalla fleksible utdanningsløp. Pengane kom på plass som eit av mange svar på den krisa som vi opplever både med Korona og fallande oljeprisar. Høgskulen på Vestlandet vil bruke fem millionar av desse pengane på fleire studieplassar innafor Stordmodellen. Det er rett og slett fantastisk!

NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland ynskjer å takke den lokale leverandørindustrien på Stord, høgskulen og stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland for at dette kom på plass på rett stad til rett tid!

Selma Elisabeth Næsse,

leiar i NITO (Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon) Nord-Rogaland og Sunnhordland

Les også
Blir ikkje tvungen ut av utdanninga