Det blei gjort hærverk på leirplassen til barnehagen. Foto: Privat

Hærverk på leirplass

Eg les i Sunnhordland om leirplassen som Trodlahaugen barnehage har fått løyve til å oppretta i Hjortåsen.

Område leirplassen er på er friområde/fellesareal knytta til Hjortåsen byggefelt og vart erstatning for leike- og ballplass som vart omgjort til hustomter. Det er ein fin naturleikeplass i tilknytting til ein ballplass.

I over 30 år har barn som veks opp i Hjortåsen nytta dette som eit naturområde og bygd hytter og leikeplasser i skogen der. Det er og kommen mange nye brukarar av området frå byggefelta i Kårevikmarka.

No vert dei alle møtt med skilt der det står at dette er Trodlahaugen barnehage sitt område.

Trur ikkje nokon i byggefeltet er kontakta for å uttala seg om dette.

Friområde knytt til eit byggefelt skal vel vera tilgjengeleg for alle og kan ikkje vera ein fast plass for ei gruppe. Trodlahaugen er velkomne på tur til området men dei kan ikkje stengja ute andre brukarar store deler av dagen.

Les også
«Me vil sterkt oppmoda foreldre om å følgja med på kva deira unge driv på med»

Eg er einig i at det ikkje er greitt å øydeleggja for andre, men eg kan forstå frustrasjonen til dei som no er utestengte frå område.

Det er friområde rundt i Trodlahaugen, kort veg til Skjepåsen og skogsområde på Horneland som vil passa betre dersom det er snakk om ein fast leirplass for Trodlahaugen barnehage.

Til orientering: Området her vert og belasta med auka biltrafikk på grunn av denne leirplassen, då både personalet og føresette køyrer til og frå plassen.

Eli Lunde Sandnes