OPE BREV: Rådmann Magnus Mjør og ordførar Gaute Epland ber stordabuen om å framleis følgja dei smitteavgrensande reglane. Arkivfoto: Marius Knutsen

Hald saman, men hald avstand!

Ope brev til innbyggjarane i Stord kommune.

Vel overstått ferie. Me vonar alle har hatt ein fin sommar, sjølv om ferien i år for mange av oss ikkje vart heilt slik me hadde sett den for oss. Medan me på forsommaren var i ferd med å løysa opp på dei strammaste restriksjonane, ser me no at smitten igjen aukar i omfang. Alt tyder på at det vert ein krevjande haust der me alle må gjera vårt for å medverka til å halda smittevernet oppe og smitten nede.

Det er framleis grunnleggjande smitteavgrensande reglar som gjeld:

Hald avstand

Vask hendene, grundig og ofte

Hald deg heime dersom du har luftvegssymptom

Den nasjonale dugnaden held fram, og for å unngå smitte er det viktig at alle deltek. Alle som over tid har vore nærare enn to meter til ein som har fått påvist smitte, kan ha blitt smitta, og skal difor i karantene. For å vera i forkant må me halda avstand i det daglege. Nærkontakt skal avgrensast til våre nærmaste.

Det er viktig at personar med luftvegssymptom tek kontakt med helsetenesta for å vurdera behov for testing. Stord kommune har no god testkapasitet. Det er mange som har teke på seg ekstraarbeid for å få dette til, men me vil ha behov for å nytta fleire tilsette til dette arbeidet utover hausten. Slik kan me som kommune trygga beredskapen dersom smitten skulle auka i omfang.

Me vil oppmoda til å unngå forsamlingar der avstandskrava er vankelege å halda. Ein kan velja å forlata slike. Fleire og små forsamlingar er betre enn færre og store. Har ein vore i ein situasjon med risiko for smitte, bør ein dei neste 10 dagane halda to meters avstand til andre utanfor heimen.

Stord kommune har lagt planar for å best mogeleg kunna handtera ein situasjon med ekstra mange sjuke grunna Covid19. Me har eit godt samarbeid med nabokommunar og Helse Fonna. Saman er me godt rusta til kamp mot sjukdom av viruset. Me er likevel heilt avhengige av den einskilde sin innsats for å halda smitten unna.

Stord kommune sin overordna visjon er Saman om utvikling og velferd. Det er no viktigare enn nokon gong at me alle står saman. Den einskilde – eller det offentlege – kan ikkje få bukt med smitten aleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me takkar innbyggjarane i Stord for innsatsen så langt, og me vil oppmoda alle til fortsatt å stå saman, men om å gjera det på trygg avstand.

Med helsing

Gaute S. Epland, ordførar

Magnus Mjør, rådmann