«Det smertar openbart høgrepartia at Arbeiderpartiet har gitt eit så forpliktande løfte», skriv Ap-duoen Marte Mjøs Persen og Odd Harald Hovland. Arkivfoto: Steinar Hystad

Halv pris med ferjebillettøren Støre

Arbeiderpartiet set vanlege folk først. Difor skal ei Ap-leia regjering halvere prisen på ferjebillettar, same kor sure Høgre måtte bli for det.

Ein ferjetur vert ofte romantisert med svele og naturskjøne omgjevnader. Realiteten for mange vestlendingar er annleis: Ferje er naudsynt for å kome seg på jobb, og prisane – sjølv etter rabatt - er eit stort pengesluk.I motsetnad til ei rekke Høgre-representantar som er meir opptekne av å kritisere Ap enn å legge fram eigne løysingar (Sunnhordland 12. februar), er Arbeiderpartiet oppteken av å finne løysingar som hjelp vanlege folk i deira kvardag.

Les også
Ferjebillettøren Støre

Halverte ferjeprisar, betalt av staten, vil gjere nettopp det. At det vert litt meir enn halvering på de dyraste sambanda, og litt mindre på de rimeligare, er i tråd med Arbeiderpartiet sin politikk for rettferd og utjamning av forskjellar. Det smertar openbart høgrepartia at Arbeiderpartiet har gitt eit så forpliktande løfte. De veit jo at dette kjem til å bli gjennomført. Elles hadde det ikkje vore så konkret. Eller blitt fronta og gjenteke av partileiinga sjølv. Eller presisert at halveringa skal starte allereie i første statsbudsjett.

Då er det jo ingen veljarar som har gløymt det. Ingen kjem til å gløyme eit så konkret løfte, aller minst partiorganisasjonen sjølv. Dette veit Ap-leiinga, så med andre ord: Slik blir det.

Difor undrar det oss at Høgre og Frp er så ivrige etter å skape merksemd rundt denne saka. Dei minner veljarane på si eiga sulteforing av kommunar og fylke. Dei minner veljarane på at dei sjølv ikkje har løfta ein finger i storting og regjering for å gjere noko med ferjeprisane.

Les også
Ap vil kutta ferjeprisen

Og når dei brukar kalkulatoren på Arbeiderpartiet sitt offensive partiprogram for arbeid og velferd, minner dei veljarane på at Høgre ikkje berre er eit kalkulatorparti, men eit dårlig eit. Det er kort tid sidan Høgre-landsmøtet vedtok fjerning av heile formuesskatten, utan tanke på kva for nye, usosiale kutt ein då må innføre for å dekke inntektstapet.

Kutta høgreregjeringa allereie har trumfa gjennom - tannregulering, bilordning for multihandikappa, gratis fysioterapi for brannskadde og kreftsjuke, brillestøtte for born og mykje meir – det er berre forsmaken.

Til slutt: Dei fire H-representantane må gjerne laga kopling mellom Jonas Gahr Støre og Vinskvetten sin legendariske Peder. «Ferjebillettøren Støre» er tittelen på lesarinnlegget deira. Jonas takkar og bukkar. Peder kunne vere brysk å møte nokre dagar. Ein blid ferjebillettør Jonas som seier «Det blir halv pris», vil jo berre vere triveleg.

Marte Mjøs Persen, 1. kandidat for Ap i Hordaland

Odd Harald Hovland, 2. kandidat for Ap i Hordaland

Artikkelen held fram under annonsen.