ÅTVARAR: – Det er ikkje eg, men Kjersti Toppe som åtvarar Sp mot å bli Frp-light, skriv Magne Misje i svaret til Johannes Landmark. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Halvhjarta og utan entusiasme»

Johannes Landmark les meg feil når han skriv at eg «kjenner til» at Sandra Borch og Ola Borten Moe vil at prinsippet om at forureinsar skal betala skal inn i Sp sitt program. Det veit eg ikkje noko om. Det har eg heller ikkje skrive. Slik eg kjenner Borch og Borten Moe frå intervju og debattar, vil det undra meg storleg om dei gjer det. Eg har heller ikkje skrive at Borten Moe og Borch listar seg rundt på gummisolar når det gjeld miljøspørsmål. Det treng dei ikkje, då dei truleg er heilt på linje med Slagsvold Vedum. Når det gjeld Borten Moe og miljøspørsmål, vil elefant i glashus vera eit meir treffande bilete.

Les også
I Senterpartiet er det takhøgd og rausheit med omsyn til diskusjonar og meiningar

Eg står fast ved at Slagsvold Vedum sitt engasjement for Paris-avtalen er slapt, halvhjarta og utan entusiasme. Folk flest les ikkje lange utgreiingar frå partiprogram. Dei fleste kjenner politikken til Sp gjennom intervju og debattar med Slagsvold Vedum. Senterpartiet har dei siste åra vore Slagsvold Vedum, Slagsvold Vedum og Slagsvold Vedum. Og på nokre politikkområde profilerer han Sp på ein annan måte enn Åslaug Haga og Liv Signe Navarsete.

Eg oppmodar Landmark og andre Sp-arar om å finna fram intervjuet med Slagsvold Vedum i Politisk kvarter frå 5. februar. Det er det verste eg har høyrt frå ein partileiar når det gjeld svada og tåketale. Slagsvold Vedum kunne ikkje/ville ikkje svara på nokon av spørsmåla frå intervjuaren. Det var ille, svært ille.

Les også
Bjelland fryktar ikkje miljødiskusjonen i Senterpartiet

Det har vore Slagsvold Vedum sitt mantra i fleire år at vedtak skal fattast og politikk utformast lokalt og nært folk. Likevel køyrer han, nasjonal leiar og stortingsrepresentant for Hedmark, i beste Frp-stil og med overløparen Jan Bøhler på slep, inn i Oslo med dieselbilen sin for å protestera mot at eit fleirtal i Oslo bystyre, støtta av Oslo Sp, har vedteke å innføra køyreforbod for bensin og dieselbilar i nokre delar av Oslo. Om ikkje dette er populisme, veit ikkje eg. Gjennomføringa av vedtaket skal sjølvsagt gjerast etter nøye planlegging og med omsyn til vare- og nyttetrafikk.

I det heile har Slagsvold Vedum dei siste åra på ein del politikkområde i ordval og argumentasjon lagt seg tett på Frp. Dette synest eg dei alternative røystene i Sp, medrekna deg, Johannes, bør protestera mot. Og det er ikkje eg, men Kjersti Toppe som åtvarar Sp mot å bli Frp-light.

Magne Misje