Tettpakka: Handballfestivalen kan i verste fall bli avlyst som følgje av Korona-viruset. Per Jan Ingebrigtsen stussar over kommunelegen sine utsegn på sunnhordland.no. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Handballfestival - eller korona-avlysing?

Eg las på nettsidene til Sunnhordland at kommunelækjar Sørheim seier følgjande om handballfestivalen: «Slik situasjonen er no, så er det ingenting som tyder på at me ikkje kan la handballfestivalen gå som planlagt. Men eg vil sjølvsagt rådføra meg med Folkehelseinstituttet. Me har per i dag ikkje smittespreiing på Stord, og ikkje smittespreiing i lokalsamfunnet. All smitte er importert.»

Eg trudde først ikkje kva eg las. Når Sørheim uttalar seg i pressa, lånar eg han alltid øyra, fordi det han seier plar å vera vel reflektert og godt underbygd. Men her saknar eg ein logisk samanheng.

Idretts- og kulturarrangement vert anten avlyst eller går for tomme sete over heile landet, grunna smittefare, og me er, ifølgje ekspertisen, berre i starten av smittespreiinga. Til handballfestivalen kjem det, ifølgje den same artikkelen i Sunnhordland, 10 000 tilreisande menneske, der 3500 skal stuast saman på skulane i Leirvikområdet. Born og vaksne kjem frå heile Vestlandet – ja også vidare omkring. Då er det ikkje tale om kva for smittespreiing me har på Stord per i dag, men kva som er situasjonen i heile Vestland fylke og i Rogaland. Det gir eit heilt anna bilete.

Me bur ikkje på øya der Robinson Crusoe dreiv i land!

Les også
Koronaviruset kan øydeleggja for Handballfestivalen

Sjefen for handballfestivalen, Kjartan Grov, fortel at dei berre har tida fram til påske å områ seg på. Då treng dei klåre svar frå dei som legg føringane for dei, elles renn pengane ut mellom fingrane. Og det svaret kan ikkje verta noko anna enn at det i år ikkje vert nokon festival.

Koronaviruset er ikkje til å spøkja med. Det er ikkje berre ein lett forkjøling. For eldre og folk med underliggjande sjukdommar, kan utfallet, i verste fall, verta dramatisk. Det er det me må ta høgde for, og med det i minnet, skal me med stor sinnsro møta kvardagane framover – samtidig som me syner solidaritet med dei utsette gruppene.

Diverre manglar me klåre linjer frå sentrale styresmakter. Dei må på plass snarast. Kommunepolitikarane lokalt, har også eit ansvar, og dersom det fortset med å komma sprikjande råd frå hovudstaden, må ein til dømes ta opp til seriøs vurdering om skulane skal leigast ut, slik situasjonen er no.

Les også
I korona-karantene: – Me er friske og raske

Det ser ut til å komma på plass naudsynte støtteordningar for næringslivet – og slik må det vera. Produksjonen skal me leva av. Så er det noko me skal leva for: Idrett, musikk, teater, dans og ulike kunstnarlege prosjekt. Desse vil også trenga støtte framover. Avlyste kulturarrangement får store økonomiske konsekvensar for arrangørane.

Like viktig som stønad til det me skal leva av, vert stønad til det ein skal leva for. Me har pengane på bok. Tida er inne til å bruka ein liten del av dei i ein akutt redningsaksjon. Kulturminister: Kom på banen!

Per Jan Ingebrigtsen

Artikkelen held fram under annonsen.

(For eiga rekning)