STOR UTFART: Slik såg det ut på Ranavik ferjekai 1. juni. Lesarbrevskribenten er frustrert over det manglande tilbodet på Stord. Foto: Privat

Har dei sove i timen?

Blir heilt frustrert når eg ser kommunen si løysing på bubilparkering på Stord. Har dei sove i timen eller? No i pinsehelga har det vore fullpakka med bubilar over heile Sunnhordland utanom på Leirvik. Her er tilbodet berre éin plass som er oppmerkt, og den er utanfor Amfi.

Grunngjevinga for å ikkje ta i bruk andre stader er alt som kommunen meiner må leggjast til rette. Straum? Nei, veldig mange bilar har solcelle, vatn og tøming? Me har jo eitt av dei flottaste tømeanlegga, på Heiane, så ser ikkje behov med ekstra det heller.

Les også
Skeptisk til kommunal bubilparkering her

Kravet er å ha ein plass å parkera og overnatta slik at både butikkar og utestader er innan rekkevidd. Blir litt langt frå Langenuen camping, ja. Gjer merksam på at campingfolka trass alt legg igjen ein del pengar. Berre sjekk med Rosendal kor stor omsetnad dei har i løpet av ein sesong. Men berre ikkje klag på at Leirvik døyr. Ein bubil er diverre ingen cruiseskip, men bubilfolk kjøper meir enn ein iskrem.

Solveig Veivåg