«Eg reknar med at både samferdsle- og kommunalministeren lyttar meir til politikarane som har eit overordna ansvar for at kronene blir brukt der det er størst behov, enn til ein betalt lobbyist som arbeider for eitt einskild prosjekt», skriv Kjellbjørg Lunde (SV).
«Eg reknar med at både samferdsle- og kommunalministeren lyttar meir til politikarane som har eit overordna ansvar for at kronene blir brukt der det er størst behov, enn til ein betalt lobbyist som arbeider for eitt einskild prosjekt», skriv Kjellbjørg Lunde (SV). Foto: Lars Helge Rasch

Hastverk er lastverk

Hordfast-lobbyist Øyvind Halleraker har det travelt med å få Hordfast over Bjørnefjorden snarast mogeleg. Han har igjen vore på besøk i hovudstaden, no hos statsråd Mæland, i det departementet som har det overordna ansvaret for plansaker. Ærendet hans, kan vi lese i Sunnhordland 29. april, var å presentere ein ny rapport; eit bestillingsverk frå Hordfast AS, utarbeidd av Menon Economics, der det skal blitt rekna ut at verdiskapingsgevinsten blir på 3,5 milliardar over 40 år.

Ikkje dårleg, dersom faktorane som er lagt til grunn for analyse og konklusjon er av ein kvalitet ein kan ha tillit til? Til dømes er det interessant om dei høge bompengesatsane i sambandet er teke med i berekningane? Det har dei nemleg ikkje blitt i tidlegare utgreiingar. Ikkje eingong i det grunnlaget Stortinget hadde då dei behandla Nasjonal transportplan for to år sidan, og Hordfast blei omtala som del av ferjefri E 39.

« Avvisingseffekten « er nemleg stor dersom bompengedelen blir høg, som han blir med det Hordfastprosjektet Halleraker er lobbyist for. Alt no klagar pendlarane over for høge kostnader med det påslaget som kom etter innføring av Autopass på ferjene t.d., men det er ingenting mot det som blir, om Bjørnefjordsalternativet kjem.

Mest verdt å leggje merke til i Halleraker sitt bodskap til statsråden, er ikkje at han prøver å påverke regjeringa sitt arbeid med privat initierte og finansierte rapportar, men at han også ynskjer at Mæland skal droppe den kvalitetssikringsutgreiinga (KS2) som Statens vegvesen er pålagt å gjennomføre, før store og kostesame samferdsleprosjekt kan leggjast fram for politisk behandling.

Makan! Her vil altså lobbyisten at kvalitetssikring skal sløyfast i eit prosjekt som representerer ny teknologi i brubyggingssamanheng, har enorme kostnader, og det same er natur- og miljøkonsekvensane.

Det er alt brukt om lag 1,5 milliardar kroner i planlegging utan at det er fatta vedtak om at prosjektet skal realiserast. Og no vil lobbyisten at statsråden skal fremje reguleringsplan før vi får vite resultatet av ei pålagt kvalitetssikringsutgreiing. Til å undrast over når han må vite at dette kravet kom etter at fleire store prosjekt har vist seg å vere underkalkulerte og politikarane kravde meir pålitelege berekningar før dei kunne fatte forsvarlege vedtak.

No har samferdslestatsråden bedt om innspel til den nye rulleringa av Nasjonal transportplan. Men han har gitt beskjed om at han ikkje vil ha tilbakemelding om einskildprosjekt, berre overordna prioriteringar.

Slik eg forstår det, arbeider Hordaland og Sogn og Fjordane, frå nyttår det nye Vestland, med ei prioritering som går på utbetring av fylkesvegnettet, ras- og tunnelsikring, kollektivsatsing, styrking av bymiljøavtalane og veg/ jernbanesatsing aust-vest, framfor snarleg realisering av Hordfast.

Fylkesvegane våre har eit etterslep på ca. 7,2 milliardar etter at fylkeskommunen overtok ansvaret for desse frå staten. Rassikring i heile landet er berekna å koste over 50 milliardar, og ca. halvparten av desse i det nye Vestland. Her er altså nok av slikt som er heilt naudsynt å bruke pengar på.

Eg reknar med at både samferdsle- og kommunalministeren lyttar meir til politikarane som har eit overordna ansvar for at kronene blir brukt der det er størst behov, enn til ein betalt lobbyist som arbeider for eitt einskild prosjekt.

Kjellbjørg Lunde,

Stord SV