Glad for støtte: Det er svært viktig at regjering og Storting no kjem med nye, utvida tiltak som avhjelper også på lenger sikt, for denne situasjonen kan vare, og akkurat det er kritisk for bedrifter som ikkje får inntekter, skriv dagleg leiar Anne-Grete Sandtorv i i Stord Næringsråd. Foto: Arkiv

Heile næringslivet er ramma

Næringslivet står i ein tøff situasjon no på grunn av koronautbrotet, og tiltaka som er gjort for å avgrense smitte. Liv og helse må komma først.

Det er overnattingsstader, utelivsbransjen, matservering, alle som jobbar med kulturarrangement som konsertar, foredrag, teater etc. som vart ramma først. Arrangement blir avlyst over natta og det er mange som har mista heile ordrereserven og næringsgrunnlaget sitt. Frisørar, treningssenter og tilsvarande bransjar vart også umiddelbart råka.

Reduksjon av arbeidsgjevarperioden ved permittering frå 15 til 2 dagar hjelper, for mange har allereie permittert store delar av staben. Utsetjing forskotsskatt 1. termin hjelper alle enkeltmannsføretak som får umiddelbare problem. Mange jobbar som frilans i underhaldningsbransjen og desse er svært sårbare. Stord Næringsråd har hatt ein runde i løpet av helga med fleire av desse bedriftene, og situasjonen er alvorleg.

Heile næringslivet vårt er ramma. Det er svært viktig at regjering og Storting no kjem med nye, utvida tiltak som avhjelper også på lenger sikt, for denne situasjonen kan vare, og akkurat det er kritisk for bedrifter som ikkje får inntekter. Likviditeten er avgjerande for at bedriftene ikkje skal gå over ende. Mange vil verte permittert, og me må sikre at det er arbeidsplassar å gå til når me kjem gjennom denne krisesituasjonen.

Stord Næringsråd er glad for at Atheno no går ut og tilbyr rådgjeving og kompetanse til bedriftene i regionen, og håper at mange nyttar seg av dette.

Stord Næringsråd vil saman med næringslivet gjera det me kan for å letta situasjonen, og me står sjølvsagt til disposisjon for alle som treng det.

Anne-Grete Sandtorv

Dagleg leiar Stord Næringsråd