FLEIRE HEILTIDSJOBBAR: Odd Harald Hovland, stortingsrepresentant for Ap, skriv i innlegget sitt at regjeringa vil lovfesta ei heiltidsnorm og innføra dokumentasjonskrav ved tilsetting i deltidsstillingar. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Heiltid er viktig for vanlege folk»

Ap/Sp-regjeringa har på 100 dagar gjort særs mykje for betre velferd, rettferdig fordeling og ikkje minst: Eit betre og tryggare arbeidsliv. Eg er ekstra glad for at retten til heiltid no vert styrkt. Regjeringa vil lovfesta ei heiltidsnorm og innføra dokumentasjonskrav ved tilsetting i deltidsstillingar.

Endringa inneber at dersom arbeidsgjevar ønskjer å tilsetjq nokon i deltid framfor heiltid, så må behovet for dette dokumenterast og drøftast med dei tillitsvalde. Regjeringa vil òg gje deltidstilsette fortrinnsrett til ekstravakter.

Den høge andelen deltidstilsette er eit stort problem i delar av offentleg og privat sektor. I 2020 jobba 25 prosent av alle sysselsette deltid. I varehandelen var talet 36 prosent, i hotell- og restaurant 48 prosent, og i kommunane sin helse- og omsorgssektor var heile 67 prosent av stillingane deltid i 2020.

I nokre yrke er kjønnsforskjellane særleg store. Andelen kvinner som jobbar deltid i yrke som vaktmeister, sjukepleiar, helsefagarbeidar eller butikkmedarbeidar er mykje større enn for menn. I næringane der deltid er mest utbreidd, utgjer kvinner ein større del enn menn. Deltid er altså med på å oppretthalda kjønnsforskjellane i arbeidslivet. Eit heiltidsløft er difor ei av dagens viktigaste likestillingssaker.

Lovfesting av ei heiltidsnorm som slår fast at hovudregelen er tilsetting i heiltidsstilling, vil gjera arbeidsgjevarar meir bevisste på bruken av deltid. Det vil motverka rutinemessig bruk av deltidstilsette, ikkje minst i mange kvinnedominerte yrke.

Det skal merkast at Arbeidarpartiet er tilbake i regjering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Odd Harald Hovland

Stortingsrepresentant (Ap)