Det å nekte å heise det samiske flagget på samane sin nasjonaldag, er diskriminering, skriv Karina Gullberg-Vinje i lesarbrevet. Foto: Inger Christin Barane

Heis det samiske flagget

Samefolket er eit urfolk i Noreg som gjennom fleire generasjonar har vore offer for diskriminering og mangel på rettigheiter til å uttrykkje sin eigen kultur. Og no, i 2021, skal dei framleis ikkje få sjå flagget sitt oppe landet rundt. Samane er spreidd over heile Noreg, og sjølv om dei ikkje er like mange i Sunnhordland og Haugaland har dei som høyrer til her like mykje rett på å sjå flagget sitt oppe på deira dag.

Ordførar i Karmøy kommune har gjort det offentleg via Haugesunds Avis at det er «uaktuelt» for dei å heise det samiske flagget på flaggstonga utanfor rådhuset. Som representant av eit parti som, ifølgje sitt eige program, seier at dei «Vil jobbe for eit inkluderande samisk samfunn …» er det tåpeleg å seia at bruk av det samiske flagget er «uaktuelt»! Arbeidarpartiet sitt parti program seier også «Ingen minoritetar skal diskriminerast.» men det å nekte å heise det samiske flagget på samane sin nasjonaldag, er diskriminering.

Samisk politikar Hilde Marie Gaebpie Danielsen frå Røros Sosialistisk Venstreparti seier «ordførar i Karmøy bør sjå i sitt eige partiprogram å gjere seg kjend med eige parti sin politikk og kva Ap har forplikta seg til å vareta med tanke på urfolkets samfunnsliv og deira kultur».

6. februar er samefolkets dag og har vore ein offisiell flaggdag sidan 2003. Samar over heile landet fortener å få sjå sitt flagg utanfor rådhus rundt om i heile Noreg – dette inkluderer Karmøy og dei andre kommunane i Sunnhordland og Haugaland. Det er ikkje berre samiske kommunar som har ansvar for at samane skal føla seg inkludert og verdsett. Ansvaret ligg like mykje på kommunar og ordførarar i resten av landet.

Samebefolkninga burde bli heidra og fortener mykje meir merksemd. I tillegg bør ordførarar stå fram som gode eksempel og arbeida for dette. Gje samar landet rundt gleda av å sjå flagget sitt føre rådhus. Lat urfolket – som gjennom generasjonar vert utsett for diskriminering og ikkje har fått får uttrykkje sin eigen kultur – få sin plass i samfunnet.

Karina Gullberg-Vinje (18), Stord Sosialistisk Ungdom