MOT STRAUMEN: NMS Gjenbruk vil vera ei positiv motvekt til Black Friday som har vorte ein stor handledag i Noreg, skriv Gunnvald Bjotveit. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Heller Grønn Fredag enn Black Friday

NMS Gjenbruk vil vera ei positiv motvekt til Black Friday som har vorte ein stor handledag i Noreg. Difor vert det fredag den 29. november invitert til Grønn Fredag i alle dei 50 gjenbruksbutikkane NMS har. Denne dagen vert alle varene i gjenbruksbutikkane selde for halvpris med unnatak av julevarer og lysa frå Knausen Lysestøyperi.

I NMS Gjenbruk oppmuntrar vi til å kjøpa brukt, i motsetning til oftare å kjøpa meir av alt som er nytt og nyast. Nokon meiner kanskje vi ikkje skal hive oss på ein salsdag som Black Friday, men vi meiner Grønn Fredag er eit godt tiltak som fortel folk at det er betre for både miljøet og lommeboka å handle brukt i staden for nytt.

Les også
Forbrukartilsynet åtvarar kundar mot Black Friday-lureri

NMS Gjenbruk har arrangert Grønn Fredag sidan 2017. Handlar ein hjå NMS Gjenbruk, aukar ein ikkje forbruket, men det fører tvert imot til mindre utslepp og mindre avfall. I tillegg handlar ein ikkje berre til seg sjølv. Pengane frå NMS Gjenbruk går til eit omfattande arbeid i 15 land over heile verda: hjelp til fattige og trengjande, skule- og helsearbeid og misjonerande og kyrkjelydsbyggjande arbeid.

Fleire og fleire får augo opp for gjenbruk. I 2017 omsette butikkane i NMS Gjenbruk for over 50 millionar kroner. I år vil truleg omsetnaden passera 60 millionar kroner. Om lag 2500 frivillige personar deltek i dette flotte arbeidet på dei 50 gjenbruksbutikkane i NMS Gjenbruk-kjeda.

Gunnvald Bjotveit, NMS Gjenbruk Bremnes

Les også
Kjem til å svi av nesten 11.000 kroner kvar på julehandelen