LESARINNLEGG: – Det må finnast heile og faste stillingar. Det må takast grep for å sikra nok bemanning, særleg i kommunehelsetenesta, skriv Hege Hukset, leiar i seksjon helse i Fagforbundet Stord-Fitjar (til v.) og Monica Brekke Fosse, leiar i Fagforbundet Stord-Fitjar. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Helsefagarbeidar og hjelpepleiar er løysinga!

Den 26. november er den europeiske merkedagen for helsefagarbeidaren og hjelpepleiarar. Det er ein god anledning til å minna om at det er disse yrkesgruppene som er løysinga på krisa i Helse-Norge!

Det er ein krevjande tid for helsetenestene. Me veit at me skal leva med effektane av koronapandemien i lang tid framover. Me veit at kommunane rapporterer om utfordringar med å rekruttera nok kvalifisert personell — og me veit at Statistisk sentralbyrå (SSB) sine framskrivingar viser stor mangel på særleg helsefagarbeidaren. Eldrebølgja er ikkje lenger ein teoretisk størrelse, noko som blir aktuelt ein gang i framtida. Det er ein demografisk endring som er i gang allereie.

Må bruke fagarbeidarens kompetanse betre

Det er mogeleg å løysa utfordringane. Med ei moderne tilnærming til kompetanse og oppgåvedeling kan mange mobiliserast til å vera med og dra lasset. Når me ser på fagutdanninga som helsefagarbeidarutdanninga så er ein allereie smidige. Dei gir brei kompetanse og eit solid grunnlag for vidare kompetanseutvikling. Dei har gjennom utdanninga fått gode kunnskapar som dei tek med seg inn i einingar og avdelingar. Dei er svært viktige for helsetenestene framover.

Det forutset sjølvsagt at dei som vel denne vegen vert tilbydd rimelege vilkår. Det må finnast heile og faste stillingar. Det må takast grep for å sikra nok bemanning, særleg i kommunehelsetenesta. Ikkje minst må alle aktørar læra seg kva som er fagarbeidaren sin kompetanse og ein må bruke den betre. Det er viktig at helsefagarbeidaren får den anerkjenninga dei fortener.

Regjeringa har ein historisk sjanse

Me har fått ei regjering som har lova å satsa både på helsetenestene og på fagutdanningane. Det lovar godt! Fagforbundet krev styrking av fagopplæringa for både elevar, lærlingar og vaksne. Det er viktig med betre rekrutteringstiltak og sjølvsagt både lønnsløft, og faste heile stillingar for helsefagarbeidar og hjelpepleiar. Dersom regjeringa vil er det framleis mogeleg å sikra gode, trygge og godt bemanna helsetenester, men då må ein kjenna si besøkelsestid. Tida for handling er no!

Gratulera med dagen, alle helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar.

Fagforbundet Stord/Fitjar ved

Hege Hukset, leiar seksjon helse og sosial

Monica Brekke Fosse, leiar Fagforbundet Stord/Fitjar