Randi Beate Hovland er marknadsleiar i Stord Helsepark AS. Foto: Ingvild Siglen Berger

Helseparken engasjerer

Visar til Kjell Larsen sitt innlegg i mandagsavisa. Det er gledeleg å registrera stort engasjement i Stord Helsepark, og me takkar for gode innspel! Me trur heilhjarta på at Helseparken vil gje både arbeidsplassar og folkeliv i Borggata, slik også Larsen skriv.

Les også
Håpar Helseparken i Borggata kan skapa aktivitet utover arbeidsplassar

Apotek1 er allerede på plass i 1. etasje, saman med Brilleriet og Helsekost. I tillegg til andre helserelaterte aktørar, jobbar me også med å få på plass ein kafe med fokus på sunn mat, ein sosial samlingsstad der ein kan få seg ein kaffikopp, te, juice og noko attåt.

No jobbar me med identifisering av kva behov regionen vår har. Helseparken sin tilknytning til kaien, hurtigbåtane og god kundeparkering, gjer at me er lett tilgjengelige for både stordabuen og tilreisande fra nabokommunane. Som Larsen også belyser vil me jobba for å tilby helsetenester som gjer at bebuarar tilhøyrande Sunnhordland skal sleppe å bruke ein heil arbeidsdag på reiser til Haugesund og Bergen for helsetenester som me kan tilby lokalt.

Allereie nå har me på plass fleire spesialistar og jobbar tett med fleire som ynskjer å vere ein del av det tverrfaglege miljøet som er i ferd med å skapast her.

Me som jobbar med Helseparken opplever ei positiv haldning både fra lokalpolitikar, helsemiljøet og folket her i Sunnhordland. Dette motiverar oss, og me skal gjere det beste me kan for å få dei rette helsetenestene til Helseparken, slik at bebuarane i regionen Sunnhordland skal få eit optimalt helsetilbod lokalt.

Randi Beate Hovland, marknadsleiar i Stord Helsepark