Hersketeknikk

Hallgeir Matre har analysert innlegget mitt om motorveg over Stord.

Og han analyserer det einsidig med omsyn til «herskeelement» han meiner å finna i innlegget.

Det kunne vore ein interessant analyse dersom den blei fullført.

Men dessverre fell han for eige grep og bruker den mest nedrige av alle debatteknikkar ved å tillegga meg ei mengd urette og til dels krenkande utspel. Også det hadde vore greit nok om han hadde konkretisert dei ulike påstandane. Men nei. I staden henge han ni merkelappar på innlegget mitt utan nærare forklåring. Nokre av dei er særs fantasifulle (dritpakke, bullshit).

Les også
Debatteknikk

Difor vil eg ikkje imøtegå noko som helst, men ber om at han svarar meg med «blanke våpen» og heng «herskemerkelappane» på stader i innlegger der han meiner dei høyrer heima.

Foldrøyhamn 30. juni 2021

Jan Willy Folgerø-Holm