NYTT: Kjellbjørg Lunde skriv at Stord sogelag vil komma med eit nytt tilbod til stordabuar, som dei har kalla Historietimen. Foto: Henrik Mundal Andreassen Foto: Henrik Mundal Andreassen

Historietimen - forteljingar frå vår nære fortid

Stord sogelag ynskjer å markere tida etter coronaen med eit nytt tilbod til historieinteresserte stordabuar. Historietimen, der vi med utgangspunkt i vår lokale historie; verksemder, organisasjonar og menneske som har sett tydelege fotefar i samfunnet vårt, skal vere tema.

Mykje går raskt i gløymeboka om ikkje vår felles historie blir dokumentert, fortalt og teke vare på. Det kan gjerast på ulike måtar, og vi har heldigvis profesjonelle aktørar som gjer eit viktig arbeid i så måte. Her kan nemnast; museum, universitet og høgskular, der fagfolk på ulike område forskar, skriv og formidlar på ulike måtar. Men også frivillige organisasjonar og lokale krefter gjer ein stor innsats, lokale historielag t.d. Ofte er det lokale, kunnskapsrike eldsjeler vi kan takke for at viktige deler av lokalhistoria blir teke vare på.

Stord sogelag , som mange ande sogelag, gir ut lokalhistoriske årsskrift og skriv om lokale emne i lokalaviser. Her hos oss har vi hatt dyktige lokalhistorikarar, m.a. no avlidne, Arnstein Lohndal, som forska og var produktiv forfattar. Han skreiv om og formidla mange viktige emne frå vårt lokalsamfunn, men som også hadde allmenn interesse. Oddbjørn Kvålsvoll, som nett har avslutta ein årelang innsats med intervju og samling av livsminne, dokumentasjon og presentasjon av ulike deler av vår felles lokale historie, har gitt oss ein unik historisk skatt. I den lokalhistoriske spalta i Sunnhordland har lesarane fått innsyn i og kunnskap om farne tider, og ikkje minst, personar med ulik erfaring og yrkesbakgrunn frå mange deler av samfunnet vårt.

Men det er framleis mykje som må dokumenterast og forteljast om.

Eksempel på dette er butikkar og handelsverksemda på Leirvik og elles i kommunen, bakeriverksemdene, slaktarverksemda og manufakturhistoria. Og kva med frisørhistoria ? Når blei den første frisørsalongen etablert, av kven og kvar ? Industrihistoria i kommunen er gjerne det som er best dokumentert, men det er sikkert mykje som framleis burde sikrast kunnskap om for framtida.

Stord sogelag vi gjerne ha kontakt med folk som sit inne med kunnskap om og dokumentasjon av verksemder og levd liv, spesielt frå vår nære fortid.

I Historietimen, skal folk kunne komme å fortelje, både lek og lærd, om mange ulike emne. Stoff kan samlast og ende opp som artiklar både i Årskriftet og i lokale media.

Først ute er lektor og forfattar, Sara Vatne, oppvaksen i Fitjar, men busett i Valdres.

Ho har skrive dokumentarromanen, Morgonrauden – Størst av alt er kjærleiken, med forankring i vårt nærmiljø og eigne forferdre.

Stord sogelag har gleda av å presentere henne og historia bak romanen, på eit møte i Sunnhordland museum, Museumshallen i midten av november. Dette blir den første av vonaleg mange historietimar i kommande år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjellbjørg Lunde