KOPP: Dette var mellom det avfallet som Sigrunn Røssbø fann i fjæra. Ho meiner lovverket er for dårleg når det gjeld marin forsøpling. Foto: Sigrunn Røssbø

Hiva søppel i sjøen – det er berre fritt fram, det

Då eg i vår kom ned til stranda nedanfor der eg bur (ei vel 60 meter lang strand mot sørvest, mot Langenuen), som eg reinska godt opp i i fjor sommar; og kunne konstatera at ho var blitt minst like full av søppel gjennom vinteren som då eg tok til å plukka i fjor vår – då blei eg nokså oppgitt. «Kvifor i all verda er det ikkje lovforbod mot å kvitta seg med ting ved å kasta dei i sjøen?» tenkte eg. «Eller er det ulovleg, men folk gjev berre blaffen, fordi ingen ser kven som gjer det likevel?» Dette måtte eg finna ut av.

Les også
Søppel i naturen irriterer nordmenn mest på tur

Eg så gjorde; slo opp på Lovdata.no, og tok for meg forureinsingslova, vedteken i 1981. Men det var, som eg frykta, deprimerande lesnad. Lova har fått fleire tillegg og blitt justert ei rekkje gonger sidan ho vart til, siste gongen 1. juli 2019. Denne lov har til formål å verne det ytre miljø mot forurensning, å redusere eksisterende forurensning, å redusere mengden av avfall og å fremme en bedre behandling av avfall, seier ho m.a., innleiingsvis. Vel og bra, men når ein les ho, får ein inntrykk av at dette berre gjeld på landjorda. Orda sjøen og havet er ikkje nemnde ein einaste gong heile lova igjennom. Eit par stader nemner lova utslepp i vann, og ein kan gissa seg til at sjøen kanskje er medrekna då, men det framgår ikkje tydeleg at så er tilfelle. Eg har no alltid trudd at sjøen, havet, høyrer med til det ytre miljø det òg. Men det er visst ikkje sikkert, det …

Og når ein kjem til lova sin paragraf 8, den handlar m.a. om begrensninger i plikten til å unngå forurensninger, så les ein der at:

«Vanlig forurensning fra

1) fiske, jordbruk, skogbruk m.v.

2) boliger, fritidshus, kontorer, forretnings- eller forsamlingslokaler, hoteller og lagerbygg o.l.

3) midlertidig anleggsvirksomhet

er tillatt etter denne lov i den utstrekning det ikke er gitt særlige forskrifter etter § 9.»

Ja, slik står det faktisk. På landjorda har ein organisert nokså bra avfallshandtering, men kva med alt som fritt hamnar i sjøen? Der samlar det seg opp mengdevis av slik vanlig forurensning; mykje plast, men mykje anna òg, til stor fare for livet der. Det er berre toppen av isfjellet, det som rek opp på strendene. Og dette berre aukar, når ikkje meir effektive tiltak (bl.a. restriktiv lovgjeving) blir sette inn for å hindra det. Profesjonelle, private oppryddingsføretak, organiserte dugnader og anna friviljug strandrydding blir då for det meste sisyfos-arbeid, det berre ballar på seg i det uendelege.

Les også
Forsøpla ved Hystadmarkjo

Det nyleg oppretta firmaet Skjærgårdservice AS kan nok sjå framtida ljost i møte, med sine planar om å profesjonalisera strandrydding, etablera industri og skaffa arbeidsplassar. Prisverdig nok det, sjølvsagt, og «potensialet for arbeid er enormt», som dei seier i intervju med bladet Sunnhordland. Ja, det er diverre sant; og difor er det viktigast av alt å få redusert sjølve dette potensialet. Skjærgårdservice AS kan nok freista redusera søppelet i havet, men dei kan ikkje gjera noko med forsøplinga av havet. For meg er det eit tankekors korleis dei tenkjer dei kan greia å «ha rydda heile 40 prosent av marin forsøpling i Norge» til 2030, slik dei fortel at dei har som mål, når forsøplinga (og dermed søppelet) berre aukar år for år. Dette må stoppast på ein eller anna måte, i god tid før 2030, skal dei kunna nå målet sitt til dess.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigrun Røssbø

Huglo