FØR I TIDA: Medan det i tidlegare tider var kioskar og buer over heile Stord kommune, er det meste no flytta inn i daglegvarebutikkar som har lange opningstider. Foto: Bjørn Østrem

Hjelpes

Foodtruck, kiosk, pølsebu, aviskiosk, thaivogn, buo ... Kjært barn har mange namn.

Fram til midten av 90-talet kunne ein kjøpa varme pølse, snop og brus på ei bu. Dei var overalt – Haga, Vikjo som hadde på torget og på begge sider av vegen i Osen, ferjekaiane, Sagvåg, Eldøy, Bjelland … Eg trur òg det var ei på Litlabø. Sikkert ein haug med andre plassar også. På Haga hadde dei på slutten kylling og pommes frites. Da va stas.

Litt resteplank frå Kjøtteinen, ein skøyteleidning og så var ein i gang med ei bu. Det lukta magisk av pølse og dvask lauk på utsida.

Etter at daglegvarebutikkane starta å ha nesten døgnope, så var jo ikkje kioskdrift det store lengre. Så vart dei vekke.

For ei stund.

Etter eit opphald på nokre år, dukka kioskane opp igjen, med flott, rask og eksotisk mat. Er ein i farten, eller lei av burgar, så dreg ein innom ein av desse. Kjapp og bra takeaway frå kjekke folk som jobbar der.

Andreas Hauge. Foto: Henrik Mundal Andreassen

No har visst dette vorte eit problem på Stord, og eg forstår ikkje kvifor. Er det den store forskjellen på pølse med ketchup og vårrull med sursøt saus?

Buene som står nokre plassar er fine, har bra mat, eit godt tilbod. Dei er sylta ned i krav og paragrafar. Varmt vatn, EU07 filtersystem på luft, nedgravde feittutskiljarar som ein betalar 25-30.000 i året for å drifta, vassmålarar, IK-system, serveringsløyve, reine og skitne soner, byggteknisk forskrift TEK17, mattilsyn, arbeidstilsyn og søppelsystem. Det er så bra, gjennomregulert, at ein ikkje lengre kan finna ei sprekken pølse om ein leitar i søppelet ein gong.

Når så alt dette er på plass, me likar dei, me brukar dei, dei som jobbar der har det bra, dei har fått til noko, og skapt seg ein arbeidsplass …

Me har hatt desse små buene i alle tider …

Artikkelen held fram under annonsen.

Så vert det plutselig sagt at dei ikkje passar inn …

Hjelpes.

Ein er trygg på at alt er behandla korrekt og rett etter dei reglane som finst, det er jo ikkje det. Men no har det blitt litt voldsomt.

Om noko, i ein ja-kommune, så burde ein no teke litt tak i lokale reglar, tolkingar av nasjonale forskrifter og sytt for at små aktørar kan bløma, med hjelp frå kommunen slik at me framleis kan få ha ei bu, med pølse, vårrull eller anna.

Andreas Hauge

Les også
Rådmannen vil ha bort thai-bua til Itsaya (44)
Les også
Dei har mellombelse løyve